mandag, august 22, 2022

Dagbok 2022: 22.august

 




Klokka er no 18.20, temperaturen ute er +  16 grader C, og no er det lettskya og fint , med litt sol. Slik var det ikkje før i dag, då var det surt og kaldt og det regna. Eg måtte legge planane om plenslått på hylla, det var ikkje å tenkje på.

Men litt til nytte kunne eg gjere, eg valde å støvsuge teppegolva grundig -det er aldri feil. Elles så laga eg meg ei god grønnsaksuppe med kjøttbitar til middag, det var godt med noko varmt i dag når veret var så hustre og straumen så dyr.

Sidan eg ikkje fekk jobbe ute i dag, tok eg like godt og las ferdig boka mi. Og no må eg passe på å ikkje finne fleire slike fengslande bøker så eg blir sittande pal. I dag sat eg på datarommet, for det er lett å varme opp, men då eg kom inn att i stova , så hadde eg sett på varmepumpa likevel. Det var ikkje meininga. Og no skulle eg til å fyre opp i ovnen, eg synest ikkje eg kan fyre når eg har ein mann på taket. I dag har eg faktisk ikkje snakka med han, og ikkje med nokon andre heller. Men i morgon er det trening så då får vi no skravle litt der. No sit eg og diskuterer med meg sjølv om eg skal gå ein tur eller ikkje. Det gjer godt for den låke foten å gå litt. Eg må i alle fall ut og ta nokre bilde.


Bilda er tatt kl.19.40

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...