fredag, august 19, 2022

Dagbok 2022: 19.august



 
 

Klokka er no17.12, temperaturen ute er + 23 grader C, det er lettskya og sol, og så blæs det. Eg er så glad i vind, når den ikkje er for sterk eller kald.

I dag har eg vore heime heile dagen, Eg har tatt fredagsvasken, blant anna, og no på ettermiddagen var eg ute og raka heile Skråninga, og fekk vekk det visne graset.

Elles har eg no styrt med noko heile tida, men kan ikkje komme på alt no. Eg tenkte at eg skulle få plass i storefrysaren til alt i garasjefrysaren, så eg begynte å om-møblere, men det gjekk ikkje. Eg skulle ønske nokon kunne ta imot noko av det som er der, og er det nokon som vil ha ein garasjefrysar, så er det berre å ta den. Det er ingen ting som feiler den, det einaste er at loket er litt oppskrapa. Elles driv eg og finn fram diverse tilbehør til ball, det blir ikkje ballgove denne laurdagen-men kanskje neste ? No begynte eg å tenke på rabbe/kålrabi, eg såg at den er var 30 kr kiloen på butikken no. Det året Nils og eg gifta oss kjøpte vi ein sekk poteter og ein sekk rabbe. Potetene kosta 40 øre kiloen, rabba 35 øre. Pussig at ein kan hugse slikt.

No har Brubakk tatt helg. Han spurde så pent om han kunne få plukke seg litt rips, for den var så nauta god. Og det fekk han sjølvsagt lov til. Eg kan ikkje gjere greie for kor langt han er komen i arbeidsprosessen, for han held no på -på taket. Her er ein del metall-boss som vi kan levere gratis på VØR. Det blir ein del rot rundt dørene men no har han pakka inn materialen så den ikkje skal bli våtare , og eg spylte trappa til helga.

Det er nydeleg ute no, og eg vil no gjerne vere ute- men ikkje jobbe meir no. Eg blir så fort trøtt i føtene, utan eg veit kva det kjem av. Men no fekk eg veldig lys på kaffi, og det er det no råd med. Ønsker alle ei god helg!



Det er berre i helga at bilen min får stå på tunet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...