torsdag, august 18, 2022

Dagbok 2022--18.august


                      No er blomsten eg fekk av Solveig på sitt aller finaste

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er + 18 grader og det har vore fint vêr i dag, opplett -og sol innimellom, men ikkje heilt den store sommartemperaturen.

I dag var det trening og Marit sin tur å køyre, vi trena som vanleg og handla litt på heimvegen. Eg trong gulrot, poteter og kaffi, og prøvde å ikkje handle noko meir. Det gjekk bra.

Eg skal innrømme at eg var litt stressa i dag. Eg var slett ikkje sikker på at eg hadde betalt rekninga til KOPPEN i går og lurte veldig på kva eg hadde gjort feil. Eg kunne fare ned i banken og ordna det, men eg vil no ikkje fare å mase på dei støtt. Så hadde eg bestemt meg for å fare ein tur på VØR i dag, og så skulle eg kjøpe bensin på bilen og på kanna. Og når eg har ein plan, då skal alt gå fort, og så blir det deretter.

Eg fylte bilen med sekker frå hagen, busker, greiner, gras etc. Og eit par ting frå garasjen.Så henta eg bensinkanna og køyrde ned på SHELL. Eg fekk fylt opp tanken og kanna, og skulle inn og betale. Men kvar var veska, med lommebok og sertifikat. Den var ikkje å finne. Men det var ein hyggeleg mann som ekspederte.

(utlending) Eg spurde om han stolte på at eg kom att og betalte om ei lita stund, og det sa han at han gjorde. Så køyrde eg heim att, og veska låg der eg trudde, nede i tilbygget, der eg hadde slått siste bensindropane på klipparen. Så var det på an igjen, betalte bensinen før eg køyrde bort på VØR. Der var det kjempefullt med hageavfall frå før, men eg fekk no tømt sekkane mine. På heimvegen var eg fram på gravplassen og såg etter om det såg bra ut på gravene til Nils og Robert, og dei raude begoniane hadde tålt regnet godt.

Gjennom heile føremiddagen hadde eg lurt på kva som var gale med betalinga til Koppen, og no var eg sikker i mi sak, så det var berre å gå inn på nettet og betale, ganske enkelt.

Til middag åt eg restar frå i går, og då eg var ferdig å ete, la eg meg rett ned på dagsenga og slappa av. Denne veka har eg ikkje vaska, for eg ville tilbake til fredagsvask.

Her er mykje å rydde både inne og ute, men det kjem seg vel etter kvar som "takmannen blir ferdig. Men det er mykje jobb for ein mann åleine.


Dette er garasjen, eg kjem ikkje til å mangle verken kveikje eller opptenningsved til vinteren. Eg skal rydde litt rundt omkring etter arbeidstid i morgon.Det er veldig mykje emballasje på det vi har kjøpt.


                                Metall får ein levere gratis på VØR

"Einar-rosa" blomstrar fint enno, men dei store blomstrane blir tunge når det er vått

                     Denne gravrosa frå i fjor har blomstra fint og lenge.

Slik ser det ut når ein klipper utan oppsamlar. Eg må nok ut og rake , men ventar til det tørkar litt meir.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...