onsdag, august 17, 2022

Dagbok 2022: 17. august


Klokka er no 19.20, temperaturen ute er + 15 grader C. No er det lettskya og litt vind, det er opplett no, men før i dag regna det litt.

Dette har vore ein litt annleis dag, på godt og vondt. Eg hadde ikkje planer for dagen, men fekk brått innskytelse til å vaske, av-ise og rydde "storefrysaren " i vaskekjellaren. Det gjekk for så vidt greitt, men det eg ikkje visste var at der var to pappkasser med makrell som var tenkt til agn. No ligg dei i matbosset førebels, men om dei kan ligge der til neste veke, veit eg ikkje. Eg lurte på om der var ein lur plass der eg kunne hive dei på sjøen, så kunne dei bli mat til andre sjødyr. Men det er vel ikkje lov?

Eg veit i grunnen ikkje kva eg har gjort heile dagen, men eg har no vore i sving. Snikkaren har vore her, men no driv han og styrer på oppe på taket, så eg har ikkje oversikt.

Eg venta Einar i dag, så eg laga klar til middag, dermed fekk eg brukt kjøttkakene som var i frysaren, Dei var ikkje gamle. Men eg fann diverse mat som eg forer kråke og skjor med - på altanen.

 Eg er fornøgd med det eg har gjort i dag. Det var uvisst kva tid Einar kom, for han hadde ikkje fått klokkeslett for timen hos fysioterapeuten. Men Einar fann ut at han kunne komme hit og vente her så då fekk vi ete middag i lag.

Einar såg på papira eg hadde fått frå Koppen og han las dei små tala og bokstavane. Det gjorde eg også då eg tok fram forstørrelsesglaset etter at Einar hadde fare. Dermed kunne eg betale rekninga til Koppen. Eg gjekk inn att på maskina ei stund etterpå og ville sjå om betalinga var i orden. Der fann eg ingen ting av det som eg hadde gjort, men eg trur likevel alt er i orden, for dette er no noko som eg har gjort mange, mange gonger. Eg skal no sjekke igjen i morgon, det kan hende at det tok litt tid å sende over så mykje pengar.

Så hadde eg tatt eit par bilde som eg skulle ha her på bloggen, men då vart det krøll igjen. Bilda ligg på telefonen, men eg får dei ikkje inn på datamaskina. Eg blir fryktelig lei når maskinene mine ikkje oppfører seg, for eg er ikkje så flink å reparere.

Ein ting er positivt, i dag har foten vore bra-det kjem av at eg har vore relativt aktiv .


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...