lørdag, august 20, 2022

Dagbok 2022: 20. august


 Klokka er no 18.18, temperaturen ute er +19 grader C. Det er nokså overskya, men opplett. På føremiddagen hadde vi fin sol.

I dag kledde eg på meg skikkelege klede då eg stod opp, det skjer ikkje så ofte, som regel startar eg dagen i arbeidsantrekk. Eg hadde tenkt meg på butikken i dag, men viss eg ikkje fekk besøk så trong eg ikkje å kjøpe noko-her er nok mat til meg. Så då sparte eg den turen. Å fare til Vik åleine er ikkje så kjekt, og Marit skulle ikkje nedover i dag.

Eg prøvde no å gjere litt nytte for meg, eg strauk dei kleda som var tørre nok av dei eg hengde ut i går kveld. Så rydda eg og kosta i garasjen, blant anna, og så fann eg ut at eg kunne sylte litt plommer frå i fjor for å få tømt garasjefrysaren, for den skal eg klare meg utan. Og så gjekk den føremiddagen. Til middag blei det kokte poteter og spekemat. Så sette eg meg i godstolen og skulle slappe av litt, og eg må ha vore veldig slapp for klokka gjekk fort. Då fann eg ut at eg skulle gå ein runde på Vernet, sidan eg ikkje hadde hatt særleg mykje trim i dag. Så no har eg vore på tur. Føtene mine er ikkje heilt gode, men dei blir ikkje verre om eg går.

Eg har snakka med mange naboar i dag, dei fleste om lag på min alder, og alle har sine problem og skavankar. Det er vel ikkje til å unngå. For morgondagen har eg ingen planar enno.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...