Klokka er no 18.18, temperaturen er ca 10-11 grader C, og det har regna i heile dag., men no er vi komne på den tida av dagen at det kanskje kan bli litt opplett. Det beste eg kan seie om situasjonen er at det er grønt og fint, og eg slepp å vatne. Skodda ligg så tjukk at eg ser ikkje Melshornet ein gong.
Eg sov dårleg sist natt også, og vakna tidleg, det var vel kanskje grunnen til at eg sovna meir og mindre etter at eg hadde ete middag. Elles så går eg og trur heile tida at det er sundag, det gjer eg kvar laurdag, enda om eg har vore på butikken.
I dag tidleg visste eg ikkje kva eg skulle gjere, vart sittande å sjå TV blant anna, men så fann eg på at eg kunne lage ei kake, og då måtte eg på butikk, dermed kom eg i gang med noko. Hadde litt problem med kakebaksten, men eg kom no i mål på eitt vis, og så vart det litt jobb med å rydde opp att, vaske opp etc.
Etterpå åt eg noko eg kallar middag og så sette eg meg inn i godstolen min og halvsov. Det er nokre pussige greier, eg søv ikkje , men er ikkje vaken heller, og så vaknar eg skikkeleg igjen.Og då blir dei borte alle som var der for ei lita stund sidan.
Eg har ein mistanke om at Rasmus har kjøpt ny bil, litt mindre enn den han hadde før. Dei skal kome hit seint måndag kveld.
I går kveld vart eg sittande å sjå filmen om raset i Storfjorden, filmen heiter vel "Bølgen" eg har sett den delvis før , men ikkje heile, trur eg. Så har eg begynt på serien om "Den hvite dronningen", eg trudde eg hadde sett den før, men det var visst feil. Eg begynne å sakne Netflix, så eg håper Rasmus får lagt det inn igjen.
Det skal visst bli opplett i morgon. Eg fekk slått rundt huset før regnet kom, det var sist mandag, men Skråninga har eg ikkje klipt på snart 14 dagar. Og no er det vel så vått og bløytt som det kan bli.
Eg er komen i den alderen då eg ikkje hugsar namn.Men han guten som budde i lag med mora og søstrene på Engeset, meiner eg heitte Arve? Eg trefte han på butikken i dag, han er no ein fin eldre mann med kvitt hår og kvitt skjegg. Han er alltid så høfleg og helsar på meg og pratar.
No ser eg fram til at eg snart får treffe igjen alle mine barn og barnebarn. Slikt "sommarvêr" som vi har no, kan eg knapt hugse vi har hatt før, men regnet må no ein gong ta slutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar