søndag, juli 10, 2022

Dagbok 2022: 10.juni



Klokka er no 18.27, temperaturen ute er + 16 grader, men det har vore opplett i heile dag-til ei forandring. Var ein tur i hagen og såg kor der såg ut, alt er vått og delvis bøygd mot jorda. Fann nokre jordbær som var etande, men mykje var øydelagt og rote. Det er visst berre i dag vi skal ha opplett, i morgon kjem vel regnet att.



Eg har vore låk i venstrefoten i heile dag, og har ikkje gjort det skapte grann, anna enn å lese bok og prate med Marit og Marit. Den eine av dei kunne fortelje at ho og mannen hadde hatt Korona denne veka,  ikkje vore særleg sjuke, men dei hadde testa seg.

Eg laga meg god middag i dag, steikt ørret til hovudrett og sjølvdyrka jordbær til dessert. Vart så mett att eg måtte legge meg på Dagsenga mi med lydbok etterpå. Eg er redd for at eg sovna også. I morgon skal eg passe katten Lollo, for matmora skal vere med eit av barnebarna til liften på Åndalsnes. Ho har vore der ein gong før. Noko slikt går eg aldri med på-eg er så høgderedd at eg ønsker at jorda var flat, brukar eg å seie.

I morgon kveld kjem Rasmus med familie, så då blir her vel meir liv i leiren. Og det set eg pris på. Eg har til og med kjøpt LUDO-i tilfelle Ingar vil spele med meg. I fjor vart vi ikkje heilt enige om reglane, men kanskje vi kan greie det i år.

Eg blir ikkje så godt kjent med gutane frå Kongsberg, for vi treffast ikkje så ofte. Margrete og ungdommane er attkomne frå Solund, men eg har ikkje snakka med dei enno.


Sjølv om vi har hatt opplett i dag, saknar eg sol og varme.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...