mandag, juli 11, 2022

Dagbok 2022: 11. juli

 




Klokka er no 18.48, temperaturen ute erca +27 grader C, og det har vore fin sol og opphalds ver i heile dag. Eg var som vanleg tidleg oppe, og i dag lurte eg på om eg greidde å klippe graset i Skråninga, det hadde ikkje vore klipt på 14 dagar.  Det er venstrefoten som er problemet framleis. Den er veldig låk med det samme eg står opp, men plar kome seg utover dagen. 

Etter at eg hadde gjort unna eit par jobbar inne, gjekk eg ut og begynte på graset. Det merkelege er at når eg klipper plen, blir foten HEILT bra, så det vart til at eg klipte heile tomta, men då var eg gåen. Torbjørn klipte også og han meinte det var isjas eg hadde i foten, eg har tenkt på det same. No er her i alle fall klipt og foten er framleis bra.

Eg har hatt kontakt med Rasmus, dei køyrer Gudbrandsdalen i dag, og stoppa på

Dei kjem hit i løpet av kvelden og har bestilt brødmat til kvelds, så den vanlege 

lasagne-retten som vi plar ha når dei kjem, skal vi ha i morgon.

Eg har vore på KIWI og handla i dag også, det er alltid noko som manglar. Men butikken er ikje langt vekke. No er det så fint ute at eg må ta eit par bilde. Dessverre har blomstrane fått litt hardhendt behandling av veret, men dei kjem seg kanskje til att.

Marit er på tur med eit barnebarn i dag, så eg passar LOLLO, katten.

Rasmus m/fam kom då klokka var nesten 22.30

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...