tirsdag, juli 12, 2022

Dagbok 2022- 12.juli


 
Klokka er no 20.12, temperaturen ute er + 15 grader C.Det har regna ein del og skodda ligg i fjellet. Eg var relativt tidleg oppe i dag, dei andre sov litt lenger. Rasmus var ivrig etter å komme i gang med noko, og det vart grana som fekk lide først. Han hadde med seg ei elektrisk sag som han brukte på den.

Han saga også opp nokre stammar som eg hadde liggande. Alt granbaret samla vi på  ein stor presenning  som ikkje har vor utpakka før, då alt  granbaret var samla der,  reiste Rasmus og eg bort på VØR og hadde det i frå oss.  

Så skulle vi i same rennet fare på EL-kjøp i Furene og sjå på tørketromlar. På fortauet utanfor butikken møtte vi Margrete og Ingeborg, dei skulle sjå på tørketromlar - dei også. Vi visste ikkje om kvarandre før. Og innpå butikken trefte vi Amanda som jobbar der i ferien. Av ein eller annan grunn fekk vi smake kaffi frå ei utstillingsmaskin, så vi fekk sette oss ned ei stund. Det enda opp i at Margrete og eg bestilte kvar vår trommel, men det kjem til å gå ei stund før vi får dei. 

Då vi kom heim att tok Wenche og Rasmus med seg gutane på ein handlerunde mens eg laga ferdig middagen, Det vart lasagne i dag og gulrotkake og kaffi til dessert.  Gutane låg lenge i dag, eg var tidleg oppe. Eg har ikkje vore låk i venstrefoten i dag, men har vore låk i ryggen. Det er kanskje ikkje så rart.

I morgon skal vi ut til Hareid og besøke dei der. Eg må sitte på med Margrete, for Rasmus har ikkje 7-seter lenger. Det er veldig kjekt for meg å få utretta ting som eg ikkje klarer sjølv. Wenche har løda opp mange store kubbar som eg skal kløyve på den elektriske vedkløyvaren min- med tid og stunder..



Grana parfymerte bilen -det var som 100 wunderbaum på ein gong. Men eg er glad for at grana er vekke, så kan eg få rydde opp og plante no anna som ikkje vert så stort. At Rasmus går med mørke briller er for at han ikkje skal få noko inn på augene når han sagar. Eg vart ikkje ferdig med å rake og rydde på plenen , så då har eg noko å sjå fram til.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...