onsdag, juli 13, 2022

Dagbok 2022: 13.juli

 

Barnebarna brukar å spele brettspel når dei kjem i lag. Eller så går det i kviss.



Klokka er no 20.00, temperaturen ute er +12  grader og det regnar. Eg kom nettopp att frå Hareid der vi har vore det meste av dagen. Eg sat på med Margrete , som hadde med seg 3 av barna sine, berre Erlend  mangla, så då vart der plass til meg . Rasmus har bytta ut7-seteren sin med ein 5 -seter, så han har ikkje så god plass. I dag var vi nesten fulltallige, berre Olaug og Erlend av søskenbarna mangla. Så då var dei 9.
Dei hadde stelt i stand mykje nydelig og variert mat til "middag"-dvs. buffet. Seinare vart det mange kaker og kaffi. Så no kan eg sitte der og angre påat eg har ete for mykje. 
Sjølvsagt et vi ikkje heile tida, vi pratar også. Og så må vi no "leike" litt med barnebarnet/ oldebarnet. Margrete måtte fare heimover først, for Ingeborg skulle nå flyet til Oslo klokka 9. Ho skal vidare til Portugal på ferie. Så eg er den einaste som er heime no. Rasmus og fam. blir  her nokre dagar framover og fredag kjem Margrete &co hit.
I morgon er det 14.juli. Det var mamma sin bursdag og eg temkjer på alle jordbæravi åt på fødseldagen hennar. Det står heller dårleg til med jorbæra mine i hagen. dei har fått for lite sol og for mykje regn.
Det er også bryllaupsdagen til Wenche og Rasmus. Dei gifta seg i år 2000.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...