fredag, juli 08, 2022

Dagbok 2022: 8.juli

 

Klokka er no18.50, temperaturen er + 13 grader C og no regnar det. Tidlegare i dag var det no opplett om ikkje anna.

I dag hadde eg ikkje så mykje å gjere, men eg skulle no ta "fredagsvasken" om ikkje anna og det gjorde eg. Eg syntest gher var fint og reint og ryddig, då eg gjekk opp til Marit etter at eg hadde ete middag. 

Men då eg kom heim att var det skjedd ei ulykke, som eigentleg var mi eiga skuld. Eg hadde sett springen på kjøkkenet til å renne, noko eg ofte gjer, men i dag hadde det skjedd noko som gjorde at vatnet ikkje rann ut slik det plar gjere. Heile kjøkken- golvet var vått og eg fekk litt av ein jonbb med å gå vekk alt vatnet, det gjekk med både golvteppe og handkle før det vart tørt. Det som eg er spent på no er om vatnet har kome ned i kjellaren. Eg sa til leigebuarane at dei måtte sjå etter, og eg har ikkje høyrt noko, så eg håper det ikkje blir noko meir styr. Eg kom på ein samtale eg ein gong hadde med ein elev. Eg sa: "Du er no alltid så uheldig"- "Eleven svarte:"Eg er ikkje uheldig, eg er vimete". EG hadde lagt på eit reint golvteppe i dag, no er det klissvått. 

Elles så har eg det berre bra.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...