torsdag, juli 07, 2022

Bok nr.21- 2022: Dei sju dørene





 Frå forfattaren av «Fugletribunalet»!


Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste. Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.

«Dei sju dørene» er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit.

..............................................................................................................................................
Då har eg lese ut enda ei bok. Eg skal innrømme at eg hadde litt problem med å halde styr på personane etc. Men det ordna seg til slutt.
Det var også litt problem med å forstå kva som var alvor og kva som ikkje va det. Derfor vil eg ikkje gi boka karakter, Eg skulle kanskje lese den om att-gjerne å papir-ikkje alle bøker høver like godt som lydbok

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...