torsdag, juli 07, 2022

Dagbok 2022: 7.juli

Klokka er no 17.11, temperaturen ute er + 17 grader. Vi fekk ei stund med opplett og relativt fint vêr, til og med litt sol. Eg nytta høvet og gjekk ein tur på Vernet. Det er lenge sidan sist, på grunn av ver, hagearbeid og vond fot. Men i dag var eg utkvild og ganske bra i føtene, så eg tok sjansen.Det veks og gror oppetter Fonnvernet, akkurat no var der mykje revebjeller, men der er eit utal av blomster og gras-sortar. Eg sat ei stund på kvar benk etter som eg gjekk runden. Det var deilig å vere ute når det var opplett, men det ser ut til at det kan komme meir regn.

Eg merkar godt at eg har ferie, for eg får tid til overs no når eg ikkje får gjort noko i hagen. I dag tørka eg støv og støvsuga blant anna, før eg åt resten av suppa eg laga i går.

Eg lurte på om eg skulle lage ei kake, og fann fram den den gamle kakeboka mi som Nils kjøpte til meg mens vi budde på Melle. Til og med kaker kan bli gammeldags. Eg fann faktisk ei kake som heitte NEGERKAKE. Men det er ikkje denne boka eg plar bruke no, eg har ei nyare som eg av og til tek fram. Men elles sjekkar eg nettet når eg skal lage noko. Kakebakst er eg eigentleg ikkje særleg interessert i- Kaker kjøper eg helst på kafé, for då blir det med det eine stykket-og ingen restar. Eg får grunde litt meir på det og sjå om eg lagar noko.

I morgon skal eg ta fredagsvasken, og så får eg sjå om det blir noko meir gjort.

Innimellom dei huslege jobbane mine les eg lydbok. Den eg held på med no heiter

"Dei sju dørene"- eg veit ikkje kva eg synest om den, men den er på nynorsk.



                                         Ein flik av blå himmel








 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...