søndag, mai 08, 2022

Dagbok 2022: 8.mai



 


Klokka er no18.05, temperaturen ute er + 14 graderC, det er lettskya og  delvis sol.

Eg føler at denne dagen har gått så altfor fort, utan at eg har fått gjort alt eg hadde tenkt. Etter frokost begynte eg å strikke og no skal eg ikkje ta opp att meir, tru eg. Eg held på med halskanten , men den skal vere dobbel, så det tek si tid.

Eg laga klart det som skulle til middagen, før eg tok ein tu på Vernet. I dag trefte eg ei venninne frå pensjonistlaget , ho var ute og gjekk med rullator. Eg visste at ho hadde brote foten og no fekk eg heile historia. Ho reiste ut til dottera si i Ålesund for å feire jul og 90 -årsdagen sin. På julaftan datt ho på stovegolvet og braut foten. 4 veker var ho på Ørstaheimen, før ho kunne flytte heim. Ho er enke og bur åleine. Eg synest det er heilt fantastisk at ei dame på 90 år kan bli frisk og fotgåande etter noko slikt. Ho er heilt klar i toppen også. Ho var på pensjonistmøtet  no sist, men då såg eg henne ikkje. Ho har vore leiar i pensjonistlaget, men det var før mi tid.

Eg kom heimover i 14 tida og skulle lage middag, men så sat Marit ute på benken sin og det var varmt og fint i sola, så eg vart sittande der ei stund. Middagen i dag var steikt ørret med poteter og grønsaker. Etter middag sette eg meg til å sjå TV. Eg begynte på ein serie i går, men miste interessa for den etter eit par episodar.

TV-en oppfører seg ikkje slik han skal i dag heller, så viss det ikkje blir betre, må eg kontakte Helge.

Eg hadde tenkt å gå ut og ta opp nokre løvetannrøter i dag, men eg vart brått låk i ryggen. Eg er ikkje fullt så spenstig som eg har vore, men håper berre ikkje at knea mine skal kollapse igjen. I morgon er det "heimedag" så då håper eg å få gjort litt ute i hagen. Eg må sette klipperbatteriet på ladding og så må eg kanskje kjøpe bensin på kanna.




                              Skogen blir grøn, litt meir for kvar dag

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...