fredag, april 22, 2022

Dagbok 2022: 22. april

                                            Akkurat no kl  17.12

Klokka er no 17.15, temperaturen på trappa er + 17 grader, men det var mykje varmare for ei stund sidan. Vi har framleis strålande vêr, og på bildet over kan ein sjå at dei høge bjørketrea nedanfor her, er begynt å bli grøne. Når dei har fått fullt lauv er det slutt på fjord-utsikta vår. 

I dag sette eg i gang med fredagsreingjering rett etter frokost og tok det litt grundigare enn vanleg. Men klokka 12 var eg ferdig og hadde fått teppe etc. på plass.

Då gjekk eg ut i hagen og jobba ei stund. Fekk vekk meir eføy og flytta ein klematis m.m. Eg lurte på om eg skulle vatne litt, men har ikkje bestemt meg enno. Sette meg i ein stol på tunet og las Møre-Nytt frå første til siste sida. Då oppdaga eg at det skal vere Pensjonistmøte komande onsdag. Litt rart å lese det i avisa utan å vite noko på førehand. Eg fekk MØRE også i dag, men den har eg ikkje lese enno. Det er så mykje som skjer no,  med konsertar og anna, at ein kan ikkje få med seg alt i alle fall.

Då eg skulle til å gå inn, såg eg at Marit sak ute og passa hunden, så eg gjekk opp og sat i lag med henne på benken ei god stund. Det var veldig varmt. 

Til middag varma eg opp ein liten rest frå i går, og så kokte eg litt kaffi til desserten, før eg gjekk ut på solsenga. Eg låg der ei stund, men sovna ikkje i dag, og no var det ikkje så varmt lenger, så eg gjekk inn.

Det er mange dagar sidan eg gjekk på Vernet, det er ikkje på grunn av latskap, men eg har ikkje vore heilt bra i rygg og føter, men no kan det hende eg tek ein tur, eller så ventar eg til i morgon. I morgon må eg til Vik for då skal eg ta synsprøve kl.12.15. Eg likar ikkje slike prøver, men trur ikkje eg har noko å frykte. Når ein har med seg slike resultat til legen, slepp ein å ta synsprøve der. Eg har legetime i samband med sertifikatfornying den 10.mai. Første mai brukar eg å vere i Volda, så det blir kanskje slik i år også. Ørsta SV brukar å vere på tilstellinga i Volda.

Eg har "prata" litt med Rasmus på Messenger i dag.

I går kveld begynte eg på andre erma på genseren min, men det blir ikkje så mykje strikking når det er så fint vêr.

Sidan det er fredag  må eg hugse å ønske alle ei fin helg!



 

Ingen kommentarer: