torsdag, mars 03, 2022

Dagbok 2022: 3.mars

 


Klokka er no 16.00, temperaturen på trappa er + 9grader C, men sist natt fraus det på, så det tinar lite på oppsida av huset sidan der er skygge, men elles får no sola eit visst tak, særleg inne.

I dag var det trening 10-11, og då vi kom heim sat vi i bilen og prata ei stund. Det var Marit som køyrde i dag. 

Det er noko som har irritert meg ei stund og det er dei skitne stuevindua. I dag kom eg meg ut og vaska dei med Zalo-vatn og skylte med reint vatn. Brukte nalen til slutt. Heilt bra vart det ikkje, men i alle fall mykje betre. Eg får ikkje brukre hageslangen for den ligg gøymt under minst 1 meter snø. Vinteren kom så brått denne gongen at mykje var ugjort.

Eg hadde lyst å gå tur i dag også, men ville spare foten litt. Så eg begynte på middagen. I dag vart det grønnsaksuppe med pølsebitar, det er noko eg lagar ofte. Men i dag kom eg til å skade meg litt. Eg skulle kakke den frosne pakken med pølser i benken-hardt. Men eg hadde ikkje tenkt at den vesnstre langfingeren skulle komme i mellom. Det gjorde den berre og fekk seg ein skikkeleg smell, men eg trur det kjem seg av seg sjølv, så eg slepp å gå til lege. Det ville vore FOR dumt.

Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i stova, som vanleg, -og i dag sovna eg skikkeleg og sov i minst eit kvarter. Det er så fin sol på altanen no, og treflakane tørkar. Viss dei blir heilt tørre ein gong, må eg olje dei, elles rotnar dei vekk.

Eg veit ikkje kva meir eg kan bruke denne fine dagen til, det kan vere at eg går eim LITEN tur. Eg er komen såpass langt på genseren min at eg snart skal ha alt opp på EIN rundpinne, så spørs det korleis det går vidare. Det er no det kan bli litt vanskeleg. No skal eg gå ut på altanen og ta eit heilt erskt bilde, slik at vi hugsar denne fine dagen.


                                Nyvaska gardiner og nypussa glas.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...