fredag, mars 04, 2022

Dagbok 2022: 4.Mars. Ingar 12 år

                                  Frå toppen av Storebakken

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er +6 grader  grader. Datamaskina mi påstår at det er sol, og det er det sikkert, berre at skyene gjer at vi ikkje ser den. Det er no for så vidt bra ver, men eg saknar solvarmen i stova.

I dag har eg ikkje snakka med ei levande sjel, berre skive meldingar på Messenger.

Eg tok fredagsvasken på førmiddagen i dag, klokka var ikkje meir enn 11 då eg var ferdig. Eg lurte på å ta meg ein tur på bye, men fann ut at det var lurt å få ermar og bol på genseren eg strikkar inn på samme rundpinne, men det var lyst ute-og inne. Så gjorde eg det og strikka nokre omgangar med 456masker på pinnen, det er dryge omgangar før ein får begynne å felle. Men det var godt å få gjort det i dagslys og utan å ha TV på. Det er lenge sidan eg har strikka noko stort, så eg er littuvant med det no.

Til middag åt eg det som var att av suppa eg laga i går, og så sette eg på oppvaskmaskina, det er minst ei veke sidan sist. 

Så las eg så å seie heile Møre-Nytt. Men då følte eg at eg måtte ut ein tur. Eg går lite tur for tida på grunn av den låke foten, men litt får han vel tole. Eg blir så frostig og giddalaus viss eg berre går inne. Det er no fint ute sjølv om vi ikkje ser så mykje til sola.(Her er den!)

I dag fyller Ingar 12 år, dei har vinterferie denne veka. Skulle hatt er ferskt bilde av han, det kan no hende eg får.


                                                   Jubilanten

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...