onsdag, mars 02, 2022

Dagbok 2022: 2.mars

                                             Storebakken
 Klokka er no16.30, det er lettskya, litt sol og +7 grader C. Det har vore ein ganske fin dag i dag- og snøen smeltar-men ikkje så fort.

I dag var det spanskkurs frå 10.30-12.30, og det var kjekt, som vanlig. Då eg kom heim var eg litt i tvil om kva eg skulle gjere, men det vart til at eg tok ein spasertur i det fine vêret, gjekk litt opp og ned/fram og tilbake på Vallabøen. Då eg kom heim i Starevegen møtte eg nabo Solveig og vi vart ståande og prate ei stund. Så kom tidlegare nabo-Gunnar-med den elektriske rullestolen sin, så vart den enda meir prat. Då eg kom inn att til meg sjølv åt eg eit par brødskiver før eg sette i gang å jobbe litt. Eg sette på vaskemaskina med tre gardinlengder-før eg tok ned "julegardinene" på stova. No har eg hengt opp dei tre nyvaska, eg tek dei rett frå vaskemaskina og henger dei opp så tørkar dei etter kvart. Dette gjorde eg for første gong i fjor og det var veldig vellykka. Før om åra har eg tørka og stroke gardinene før eg hengde dei opp. Heilt vekkasta arbeid. Men no får eg ikkje gjort meir før dei tre siste lengdene er ferdigvaska.

                                     Starevegen

Eg vart litt plaga med den låke foten då eg gjekk tur, men det får no berre våge seg. No har eg sete ei stund og sett TV og strikka. Vêret vert berre finare og finare og i morgon er det meldt full sol for første gong i år. Det er enno mykje snø i hagen og på vegkantane, men det tinar litt etter litt, eg hjelper til med spaden innimellom og på altanen er der snøfritt no.


I dag er det 50 år sidan Marianne på Geilemyra vart fødd. Lise budde med oss på Engeset eit par-tre veker før fødselen, og eg hugsar at Nils køyrde henne bort på Volda sjukehus midt på natta. No er det Marianne som driv slektsgarden i Innvik, og om eg ikkje tek feil, så er ho alt blitt bestemor. Tempus fugit.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...