tirsdag, mars 01, 2022

Dagbok 2022: 1.mars


                                                            Akkurat no
Klokka er no 16.20, temperaturen ute er +5 grader, det regnar og det blæs.

Ja, vi har vel heile vinteren klaga på vêret -utan at det har blitt betre av den grunn. Vi saknar sola mest av alt, og no er vi komne til mars månad utan å ha sett så mykje av henne. Dette var eit "problem" før det store problemet kom og Russland gjekk til krig mot Ukraina. I min barndom var eg alltid redd for russerane og særleg Stalin, som eg frykta. Etter at Sovjetsamveldet  gjekk over til å bli Russland, har eg følt meg trygg frå den kanten. No er eg ikkje trygg lenger. På ALTI i dag fekk eg høyre at Putin har fått Altzheimer- ja,eit kvart gale må det no vere.Eg har sete ei stund og høyrt på TV no, men det er begrensa kva eg kan ta innover meg.
I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit var så låk av gikt, men elles er ho frisk til tross for at Koronaen er i huset. Etter treninga var eg på handlerunde åleine. Eg var til Målar-Olav og kjøpte rensevæske til å bruke på teppegolva. Rensemaskin har eg sjølv, men før måtte vi leige. Ei flaske med "såpe" kosta 499 kr. Men eg renser ikkje teppa kvart år.
Så var eg på Clas og kjøpte krokar og spiker, eg har nesten alltid ærend på Clas.
Hadde også ærend inn til Mariann-der er eg også ofte. 
Maten handla eg på SPAR i dag, og i tillegg til det eg sjølv skulle ha, kjøpte eg mat til Lollo, katten til Marit. Eg hadde lapp med meg i dag, så eg kom heim att med alt eg mangla.
Førre veka laga eg pizza som eg hadde til middag kvar dag,nesten. I helga koka eg graut, så i dag følte eg på at eg måtte lage meg skikkeleg middag. Men lettvint skal det vere, og fort skal det gå. Så det vart steikt ørret med poteter og grønsaker, og til dessert nokre frosne(opptina) jordbær med fløyte. Eg lever ikkje SÅ godt kvar dag.
I morgon er det spanskundervisning frå 10.30 til 12.30. Då skal vi øve på å gå på kafé/restaurant og bestille mat og drikke. Det kan bli litt artig.
No skal eg strikke på genseren min og sjå litt meir på TV. Når eg ikkje orkar meir krig, får eg sette over på ein serie. Ja, og så er eg ikkje ferdig med avisa enno-.
Vippsen min er ute av bruk, men eg skal no logge meg inn att- Elles har eg fått melding frå biltilsynet om at eg har sertifikat som gå ut 1.juni- frå før har eg fått melding om EU-kontroll, det må eg snart ordne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...