tirsdag, februar 22, 2022

Dagbok 2022: 22.februar

                                         Pizza til ein!?

Klokka er no16.50, det er + 3 grader ute og hittil i dag har det vore opplett. Men nedst på skjermen min står det : Regn/snø snart, men enno ser eg spor av sol høgt oppe i skyene. Eg har nettopp vore ute og moka litt snø, ikkje fordi det var så nødvendig, men eg hadde lyst å vere ute og trimme litt, sidan eg ikkje går tur. Hadde på meg dei nye støvlane og det gjekk fint. I morgon er det ut igjen, så då må eg få ut bilen, derfor håper eg på lite snø.

I dag hadde eg heimedag og planen var klar. Eg skulle sjå over og eventuelt rydde i alle permane eg har fylt opp med skriverier for Pensjonistlaget. Trur det vart oppi 5 tjukke permar. Men i morgon skal eg tre av-og takk for det. Eg må nok gå åleine på møtet, for Marit er ikkje heilt bra. Ho er forkjøla, men har testa negativt på korona. Men først på dagen skal eg på spansk-kurs og etterpå skal vi hjelpe til å ordne til rommet slik vi skal ha det på møtet. Både spanskkurset og pensjonistmøtet skal vere på Bakk-Ola-marka.

Eg hadde skrive årsmeldinga på maskina og trykt ut eit eksemplar til meg sjølv. I dag skulle eg trykke ut nokre fleire, men printeren var heilt umuleg og nekta å skrive ut. Men eg sende med e-post til Eli, så ho ev.kan trykke opp så mange som vi treng.

Eg har lenge gått og tenkt på at det hadde vore artig å lage heimelaga pizza igjen, det er lenge sidan sist. Eg laga ein deig og så laga eg tomatsaus etc. Deigen såg heilt flott ut og eg steikte botnen litt før eg hadde fyllet på. Det vart litt av ei kake,, det hadde gjort seg med halvparten så mykje deig. Eg åt pizza til middag og har vel to middagar att. Men eg trur eg held ein knapp på kjøpepizza-ikkje frå frysedisken , men på kafé. Det er der eg oftast et pizza -sist gong var faktisk sist sommar i Førde. Men frosenpizza har eg ete seinare. Den tida Nils og eg køyrde Norge og Sverige på kryss og tvers åt vi pizza på kafé nesten kvar dag. I Sverige fekk vi ofte salat til og det var godt, vi kunne ta så mykje salat vi ville, og det passa oss glimrande. 

I dag er det Audun sin fødselsdag, han var fødd i det herrens år 1990, på farfaren Einar Orten, sin 75-årsdag. Det er litt skummelt at barnebarna blir så vaksne-då blir ein klar over kor gammal ein er sjølv. Audun jobbar og bur i Oslo, men er ofte heime på Hareid. Akkurat no er han der.

No skal eg snart sette meg til ved TV-en og strikke, kanskje kjem eg opp til armhola i dag-på genseren min- nei det gjer eg vel ikkje . Det går rundt og rundt no utan stopp, så det egnar seg til TV-strikk. 

Eg likar ikkje nyheitene for tida, likar aldri når nokon raslar med sablane.Og så eg som likte så godt han Putin -men det var før.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...