mandag, november 01, 2021

Dagbok 2021:1.november


Klokka er no 15.55, temperaturen ute er + 12 grader. Vi har hatt ein nydeleg dag, med sol og "varme".
Sidan eg hadde plan for dagen vart det gjort litt. Først fekk eg tatt soverommet,vaska golv, lufta golvteppe og sengetøy etc. Så rigga eg meg til med ei bøtte vatn med bilsjampo i, vaska stuevindua utvendig, spylte dei med hageslagen og spylte altanen. Sidan eg hadde både slangen og bilsjampoen klar rygga eg ut bilen så den fekk eit vask også. Eg tenkte å ta meg ein tur på Vernet, men så fekk eg vondt i kneet så eg tok heller og slappa av litt før eg skulle på kino.






Det var filmen "Verdens verste menneske" vi skulle sjå. Eg har høyrt mykje om den filmen, men vart likevel overraska over kor god den var. Den kvinnelege hovudpersonen har jo fått Oscar for den rollen  ho spelte, og kanskje får heile filmen ein Oscar-det er den verdt. Det er den beste film eg har sett! Det same sa ei av venninnene som var der også.
Eg handla litt på KIWI på heimvegen, men då eg kom heim, skifta eg sko i full fart og tok ein runde på Vernet før det vart mørkt.

Eg hadde kjøpt grønsaker på butikken og laga meg til ein stor porsjon med salat. Eg syntest at dagen hadde vore vellykka på alle måtar og var glad for det. Då plinga det i telefonen, der var ei melding om at eg hadde brev frå Helsenorge på data. Eg tenkte først at det galdt vaksineringa i morgon, men så var det noko som slo meg og det var blodprøvene som eg tok sist eg var hos legen. 

Det var brev frå Trude, som eg kallar henne

Hei!

Eg har no fått svar på alle blodprøvene. Disse viser at du har litt forhøya verdiar på nokre antistoff som heiter IgM.

Dette blir kalla ein monoklonal gammopati. Dette er truleg også årsaken til at du har litt forhøya senkning.

Ofte skal disse tilstandane berre følgjast med jamne kontrollar, men eg henviser deg til spesialist i blodsjukdomar ved Volda sjukehus.

Og her går ein rundt og kjenner seg frisk som ein fisk ! Og det vil eg framleis tru at eg er. 

I morgon er det trening + influensavaksine.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...