tirsdag, november 02, 2021

Dagbok 2021: 2.november


 Klokka er no16.00, temperaturen er + 12 grader, og det har vore lettskya og delvis sol i dag. Naboane raka lauv då eg for til treningstimen min. Etter treninga var vi på kulturhuset og fekk influensavaksine -gratis.

Så skulle vi kjøpe lyngplantar til å ha på gravene, men det var ikkje å oppdrive på vanlege matbutikkar, så vi måtte på ALTI og der fann vi plantar på Tilset. Så reiste vi heim, for vi trudde kanskje det var gravferd i dag. Det er vanleg at det er gravferder både tysdag og fredag. Eg måtte ha meg litt mat då eg kom heim for eg hadde vore tidleg oppe. Men etterpå, etter å ha sjekka avisene for å sjå om der var gravferder, tok eg sjansen på å fare fram på Askjelhaugen. Marit kunne ikkje vere med i dag, for Mari Ella var sjuk og heime frå skulen. Eg fekk fjerna dei visne blomstrane og planta to lyngplantar. Dei er ikkje så fargelause som dei ser ut på bildet.

Då eg kom heim skifta eg til arbeidsantrekk og tok ut plenklipperen. Eg stilte den eit hakk opp og begynte å klippe, men det var eigentleg lauvet eg var ute etter , for lauv var der nok av, særleg under epletreet. Eg tok ikkje heile skråningen, men klipte litt rundt huset også. Eg må nok ta igjen den jobben når det har falle meir lauv. Eg likar betre denne metoden enn raking,

I morgon er det spansk igjen, så eg må øve litt på leksa i dag. 
Eg har ikkje tenkt å gå på Vernet i dag sidan eg har fått bra mykje mosjon. Eg spurde fysioterapeuten kva det kan ha seg at eg verker i kroppen nå eg ligg i ro i senga, men blir bra så snart eg kjem i sirkulasjon. Ho sa at det kom av slitasje (gikt)- det vikar slik. Torsdag blir det ikkje trening, for då skal fysioterapeuten ut og reise.
Det har vore nydeleg vêr siste dagane. November plar alltid vere ein grå og trasig månad, så vi får nyte desse fine dagane vi får. Regn fekk vi nok av i oktober.
Eg tok nokre bilde på Askjelhaugen, ein ser fjella frå ein annan vinkel der enn her.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...