onsdag, november 03, 2021

Dagbok 2021: 3.november

 


Klokka er no16.25 og det er skymt ute. Kvelden kjem tidleg, men til gjengjeld er det lyst når eg står opp. Eg stod opp relativt tidleg i dag og fekk gjort ein heil del i huset før eg for på hotellet. Blant anna støvsuga eg alle teppegolva, la i hop ein klesvask etc. før det vart dusj og hårvask-(må no pynte seg litt når vi skal på hotell. )Vi blir godt tatt imot av betjeninga, dei snakkar spansk med oss når vi kjem. I dag fekk vi karbonadesmørbrød til lunsj . No har alle dei nye dukka opp, så no er vi tre elevar som er over 80 år. Dei fleste nye har vore borti spansk før. Det er så mykje greiare no når vi har ei bok å gå etter, det har vi ikkje hatt før. Men eg saknar å ha ei datamaskin som eg kan kople printeren til. Vi får sjå kva eg gjer, eg vurderer å kjøpe ny PC.

Med det samme eg kom heim bytta eg på meg HOKA-skorne og gjekk ein runde på Vernet, før eg gjekk i hus for godt. Vi har hatt fint ver i dag også, Og det eg ikkje har fått gjort ute, kan eg kanskje få gjort i morgon sidan eg ikkje skal på trening då.

Eg tok meg litt mat då eg kom heim, og så sette eg meg til med spanskleksa. Ja, den må nok fram att flei re gonger før neste kursdag.  Eg har det slik at det meste går inn- men mykje går ut att, så eg må repetere. Som før sagt; min intensjon er ikkje å bli spansktalande, men å trimme hjernen litt.

Marit spurde i går dei som vaksinerte om vi får den tredje sprøyta. Då svarte dei at den skulle vi få 6 månader etter den 2.sprøyta. Eg sjekka i går, og fann ut at vi hadde fått den andre sprøyta i april, så tida er der, men vi skulle få innkalling hadde dei sagt. Ja, eg tek med glede imot ei sprøyte til.

Elles må eg finne meg noko å strikke på for no har eg nok lestar for ei stund, eg tenkte på ei einsfarga vanleg jakke, men skal no tenke litt på det.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...