torsdag, november 04, 2021

Dagbok 2021: 4.november

Klokka er no 15.55 og sola er i ferd   med å gå ned. Det har vore ein nydeleg dag for oss som bur på solsida, men eg hugsar godt haustane på Melle, då sola forsvann litt meir for kvar dag. Eg var ikkje så tidleg oppe i dag, for eg hadde problem med å sovne i natt og sov uroleg det meste av natta. I dag har eg kjøpt meg nye sovetablettar,utan resept, og skal prøve om dei er betre. Dei eg har hatt i seinare tid har eg ikkje likt så godt, eg søv uroleg og drøymer så mykje at eg er heilt fortumla mange gonger.

I dag skulle eg sjekke mobilen for meldingar, og mens eg stod med den i handa ringde ei dame frå sjukehuset og sa at eg hadde fått time neste fredag klokka 9. Det var lovleg tidleg, men Marit meiner eg kan få legesenteret til å bestille taxi, då blir det gratis for meg, og eg er sikker på å komme tidleg nok.

I dag hadde eg to ærend i Vik, eg skulle ha nytt batteri i klokka mi, og så skulle eg hente Pensjonistpermane hos Jostein Mo , han held til på Signy Digernes-butikken. Eg spurde Marit om ho ville vere med, og det ville ho. Vi brukar å seie ifrå når vi skal nedover i tilfelle den andre vil vere med.

Permane gjekk det for og greitt å hente, og så for vii på ALTI, der får ein batteri i klokka på "Bjørklund"- men det tok si tid for der kom kundar heile tida. Marit og eg sette oss på ein grøn SKRAVLEBENK og venta. Etter at eg hadde fått att klokka,  var eg innom apoteket og så handla vi litt på BUNNPRIS, der er blitt så fint no etter at dei har bygt om og fått "POST I BUTIKK".

Då eg kom heim var eg snar å bytte sko og kome meg opp på Vernet. Blant dei eg trefte i dag var ei "venninne" frå skuletida mi-ho heiter Maria og er frå IRAN. Ho utdanna seg til lærar etter at ho hadde vore i Norge ei tid. Ho og mannen bur på Rystefeltet , så dei kom hitover for å vere i sola. Eg   gjekk langs Vernet oppover etter at eg hadde gått runda mi og då kunne eg gå ned på toppen av Storebakken og ta ein litt lengre veg heim att.

Eg hadde tenkt meg ut og jobbe i hagen, men først måtte eg ha litt mat, og ein kaffikopp etterpå, så måtte eg sjå nyheiter............og då for sola. Dermed vart hagearbeidet sett på vent.

Ettermiddagane og kveldane blei så lange etter at vi stilte klokka, det er nok å gjere viss ein vil, men det er i grunnen kjekkast å strikke, sjå TV etc.Eg kjøpte noko kvitt lestegarn på salg på Bunnpris i dag, så eg kan no bunkre opp Olaug. I morgon er det fredag att-tida går fort.

Eg jobba med spanskleksa i går til eg kunne den på fingrane, men lærdommen sit ikkje så fastno lenger, så det blir å repetere kvar dag. Cada dia, som det heiter på spansk-

Bildet frå vernet vart tatt før klokka 14. Bildet under tok eg rett før eg sette meg til å skrive blogg.






 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...