fredag, november 05, 2021

Dagbok 2021: 5.november

Klokka er no16.30, temperaturen ute er +4 grader og det regnar, det har det gjort i heile dag, men på høgste fjell toppane har det kome snø.

Eg tok ein av dei nye reseptlause sovetablettane i går kveld, sovna med ein gong, men vakna relativt tidleg, som vanleg. Det gjer ikkje noko at eg står opp i skikkeleg tid, for då kan eg få gjort noko. Hagearbeid kunne eg berre gløyme i dag. 

Det som var irriterande var at eg ikkje kom inn på nett på laptopen. Eg streva ei stund, men måtte gi opp. Merkeleg - for alt var i orden i går kveld. I dag hadde eg ikkje anna på lista enn at eg skulle vaske bad og kjøkken. Eg trong ikkje heile føremiddagen til det, så eg fann ut at det var ein god ide å bake brød og bruke opp surmelka som eg enno hadde noko att av. Eg begynte å lage til for brødbakst- men så hadde eg ikkje meir gjær. Eg kunne ha spurt Marit, men det var litt for tidleg på dag.  Så kom eg på at eg hadde tørrgjær -og det funka heilt fin! 

Og så fann eg ut at det var heilt supert å bake på fredag før eg vaska. Mens brøda steikte kokte eg risgraut, såpass eg fekk brukt opp den søte melka også. Eg kjøper melk for å ha i hus om eg skal lage noko, så blir den ståande ubrukt til eg MÅ finne på noko. Eg vaska og shina kjøkken og bad og så gjekk eg ein tur på Vernet, akkurat då var det opplett.

Då eg kom heim att smakte det godt med graut og litt spekepølse ved sidan av. Eg sette meg inn i godstolen med kaffikoppen og halvsov ei stund før eg tok fram strikketøyet. Om litt ringde det på døra og eg forstod med ein gong at det var Helge som kom, for eg hadde sendt melding til han.  Når datamaskinene streikar  veit eg ikkje anna råd enn å rope på Helge- og han kjem. Eg trudde han hadde måtta gi seg i dag, men plutselig var vi på nett. Og takk og pris for det! Eg føler meg avkobla frå verda når eg ikkje har internett-tilgang, men eg hadde no telefonen om ikkje anna.

Eg har ikkje vore og handla i dag, men det skal eg gjere i morgon, har skrive på lista i dag. Denne veka forsvann veldig fort, førre veka hadde så mange "dagar"- denne veka har det ikkje hendt så mykje.

Det fine vêret er visst ein saga blott- men eg vil likevel ønske alle ei god helg.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...