søndag, oktober 31, 2021

Dagbok 2021: 31.oktober


Klokka er no16.10 temperaturen ute er+ 10 grader C og det er opplett. Eg var oppe til vanleg tid i dag , sjølv om eg vakna ein time for tidleg etter "vintertid". Surra no rundt ei stund, såg TV etc. før eg dusja og vaska håret og kledde meg for å vere ute. Eg tenkte eg skulle ta ein tur på gravplassen og sette batteri i "lyset". Då eg køyrde nedover slo det meg at eg sikkert burde fylle bensin - og det kan ein gjere ein sundag førmiddag. Det var visst på tide med påfyll, for aldri før har eg fått ned på tanken så mykje. Eg ser ikkje på literane, berre på betalingsslippen. Bensinmålaren på bilen funkar ikkje, men eg brukar min 6.sans som seier frå når det snart er tomt. Eg hadde bestemt meg for å gå tur i Dalateigane i dag, sidan eg var på dei kantar. Eg følgde elva Rossåa framover. No når det ikkje er så mykje lauv på trea, såg eg godt over på andre sida, på vegen fram mot Nupen. Der hadde det  kome så mange hus som eg ikkje kjende. Anten var det hus som var ombygde eller så var der nye. På bildet over ser vi bort på huset der vi budde ein gong. Eg møtte eit par som eg snakka med på Vernet i går, prata litt i dag også. Eg hadde tenkt meg fram til rasteplassen der eg var med Pensjonistlaget då den var ny, men det var mykje lenger å gå enn eg trudde. Eg brukte nesten ein heil time fram dit. Men sidan det er heilt flatt framover er det lett å gå.








Det var ikkje mykje att av benkar og bord frå den første tida, berre halvrotne "møblar". Frå denne staden går det ein veg opp til bilvegen som fører til Mo-setra, og då gjekk eg opp der. Det er ein kjempekjedelig veg å gå, men ein går litt fortare og tryggare når ein slepp granrøtene og andre hindringar.

Den tida eg  jobba i skulen var vi fleire gonger på tur til Mo-setra. Då sykla vi så langt vi greidde på denne vegen. Så sette vi i frå oss syklane og gjekk den siste lange, bratte bakken til fots. På tilbaketuren var det kjekt å finne att syklane og sykle lett på den slake nedoverbakken. Å gå der er ikkje så spennande, men eg kom meg no nedatt til Askjelhaugen og sette meg inn i bilen. Det var godt, for det høgre kneet mitt var vondt.
Eg var kjempesvolten etter turen, så då var det heilt greitt å varme opp restar frå i går i mikroen.Sette meg i godstolen med ein kaffiskvett, og sovna ei lita stund.

I dag tidleg plukka eg bort rosene frå den fine buketten og skulle prøve å blåse nytt liv i dei. Eg kutta stilkane og kokte dei (stilkane ) i vatn -og så rett over i ein vase med reint vatn. Dette har eg prøvd før, og fått det til, men desse rosene var komne for langt. Eg fekk redda to av dei. I morgon hadde eg tenkt å få gjort noko her heime, men så spør Marit om eg vil vere med på dagkino-og filmen som går er "Verdens verste menneske"-som er Oscarnominert. Og det kan eg vel ikkje la gå i frå meg?



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...