Klokka er 17.50, temperaturen er + 13 grader C, det er overskya og innimellom regnar det litt. No er laptopen i brukbar stand, men Helge strevar enno med å få liv i storemaskina, han er på datarommet, eg i stova, for eg vil ikkje forstyrre han. No høyrer eg at han snakkar i telefonen, kanskje med Rasmus?
I dag morgon vakna eg og verkte i heile kroppen, men mest i vestre hofta og ryggen. Eg reknar med at det var ein slags gikt, for altandøra stod på vid vegg, eg brukar å late den att om kvelden når eg legg meg. Men eg stod no opp, og underet skjedde denne gongen også-det varte ikkje lenge så var eg heilt bra og kunne ta sikte på å trene i dag også.
Men det var ikkje før 12.30, så eg gjorde nokre småjobbar først og så strikka eg litt. Marit var også låk i kroppen i dag, men ho kjem seg ikkje slik som eg. Men vi kom oss på trening. Etterpå var vi ut på Samleriet til Jostein Mo fordi eg skulle levere alle pensjonistbøkene /permane til han, fordi han skal ha "attersyn" på 50-årsjubileet til Pensjonistlaget.
Sidan vi var i Vik svippa eg ut på Jernia og kjøpte meg ei ny grautpanne, for eg er lei av svidd graut. Til middag i dag hadde eg restar. Eg sat og slappa av etter middagen, og då ringde det pådøra, det var Leiaren i Eldrerådet som kom , ho hadde dårleg samvit fordi ho hadde sagt eg skulle skrive om møtet i går. Eg letta samvitet hennar då eg sa at eg ikkje kunne skrive fordi eg ikkje hadde datamaskin. Mens vi prata kom Helge og han brukte ikkje lang tid på laptopen, så då kunne eg i alle fall få skrive blogg om ikkje anna. Trur ikkje det går å få storemaskina opp og stå....Det er den eg likar best når eg skal skrive og der er printeren kopla til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar