tirsdag, juli 13, 2021

Dagbok 2021: 13.juli

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Hittil har vi hatt ein veldig fin sommar, men i dag har eg venta på torevêr. Marit hadde sett på vêrmeldinga at det skulle komme torevêr i 13-tida, så det var eg budd på. Det første eg gjorde var å ringe Legesenteret å be om andre tablettar i staden for dei som er utselde. Dei forstod med ein gong kva eg meinte og alt var i orden. Så gjorde eg meg klar og køyrde fram på gravplassen, der eg bytta ut margeritten med roser.Her heime planta eg margeritten i lag med stemors i ein av dei runde "blomsterbeholderane" eg fekk til 80-årsdagen. Så sette eg både den og ei krukke tett attåt veggen, så dei ikkje skulle bli øydelagde av regn.Og der står dei.Eg har begynt å rense tunet for ugras, og det er eit langt lerret å bleike, men eg er i alle fall ferdig heilt oppe mot asfaltgata. Dette heldt eg på med til det var på tide med mat. Middagen i dag vart som vanleg, grønsaker, frukt og bær. Og etterpå ein kopp kaffi. Las litt i avisa også-mens eg skoda etter torevêret. Men nei! Var litt trøtt så eg kunne legge meg ut på solsenga så lenge-og sjå mot himmelen og skyene som kom. Akkurat i det eg la meg horisontalt-ringde telefonen. Det var ein lege, kvinneleg sådan, men ikkje mi Trude, for ho er på ferie. Dette var ei med ein traust dialekt, kanskje frå Gudbrandsdalen. Ho ville ikkje gi meg andre tablettar utan vidare, så eg måtte komme og måle blodtrykket fredag i neste veke -eg visste ikkje akkurat kor mange tablettar eg hadde att, men trudde ikkje eg hadde ut neste veke. Då eg talde over tablettane, såg eg at eg hadde akkurat så mange at eg skal ta den siste på fredagen. Så no får eg berre slutte å ta dei eit par dagar før, såpass at blodtrykket kan stige litt. Eg la meg ut att på solsenga og høyrde lydbok, eg begynte på "Tung tids tale" av Olaug Nilsen. Den fengde meg frå første ord, har tenkt eg skulle lese den, men det har ikkje blitt før. Hugsar at då vi var på besøk hos foreldra til Olaug, fortalde dei om denne guten.Eg sovna ikkje, men høyrde etter. Det har kome litt skyer på himmelen, men eg har enno ikkje sett teikn på torevêr. Eg trur ikkje eg skal gå på Vernet i dag, for eg er litt plaga me "trøtte føter" når det er varmt. Viss det ikkje kjem regn, får eg heller ta å vatne litt, spesielt reddikfrøa som eg sådde i går. No skal eg snart ut og renske meir ugras på tunet-trur eg.
Bilda er tatt kl.19.45

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...