fredag, august 28, 2020

Dagbok 2020: 28.august

Fin kveldsol på øvre Mo.

Klokka er no 18.30, og temperaturen ute er + 18 grader C. Det var nokså skya før middag, men vêret vart finare etter kvart. Likevel har eg ikkje vore så mykje ute i dag, men styrt på inne.
Tok ein skikkeleg fredagsvask først, ikkje kvar dag eg kan ha ut golvteppa på soverommet. Og sidan eg hadde fått lyd på PC-en igjen tok eg ein spanskleksjon-heldigvis var det litt som sat att. Det er lenge sidan vi hadde kurs no.
Og så hadde eg fredags-sudokuen; eg plar hente den frå avisa på nettet torsdags kvelden, og brukar ikkje å legge meg før den er i boks. Men i går møtte eg motstand, veit ikkje kva som gjorde den,  eg prøvde to gonger utan å løyse den. Men 3.gongen kom eg i mål. Sudoku skal vere veldig god hjernetrim for gammalt folk, det seier eg til meg sjølv når eg meiner eg har brukt for mykje tid til den.
Eg har ikkje vore så mykje i hagen i dag, men eg var i alle fall ut og plukka nedfallsplommer-som går rett i komposten; ei full bøtte i dag. Men nokre plommer er etande - og somme veldig gode. Eg et vel meir enn eg burde, men gir bort litt til Marit.
Eg hadde tenkt å klippe plen opp mot gata, men det gjer ikkje noko om det blir utsett til i morgon.
Klokka 17 tok Marit og eg ein tur fram på gravplassen. Ho skulle plante lyng, men eg ville sjå korleis det såg ut først, om rosa var i live. Det var den, men berre ei rose var intakt, dei andre visne klipte eg bort. Der var nokre andre som stelte ei grav like ved, og ho hadde så nydelege lyngplantar med seg, dei var meir raude enn lilla. Eg spurde kvar ho hadde kjøpt dei, då lo ho og sa at ho budde i Molde og hadde kjøpt dei der. Har ikkje sett den fargen her.
No er det altså fredag og helgekveld, nesten. Håper alle elevar, studentar og lærarar har hatt ei bra veke utan å bli smitta. Rasmus har vore på Hydro Husnes, Kvinnherad kommune og halde kurs der denne veka. I går fekk dei ballj/klubb til middag, dei tek etter sunnmøringane. Her i bygda er det skikk og bruk med ballj kvar torsdag, endatil på sjukeheimen.
Eg vil ønske alle ei god helg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...