mandag, august 24, 2020
Dagbok 2020: 24.august
Klokka er no 16.35, temperaturen er +10 grader og det regnar. Kaldt og vått med andre ord.Låg lengst mogleg i senga i dag for å sleppe å sjå på vêret. Plommene heng på trea og rotnar og eg får ikkje gjort nokon ting i hagen. Inne er det ikkje så mykje som MÅ gjerast, og det som måtte gjerast gjorde eg på laurdag.
I dag vart eg sittande framfor datamaskina og legge kabal mens eg høyrde lydbok på Storytel .Det er ein slik luksus som ein kan unne seg når ein er pensjonist. Fekk ny bytta på senga, vaska håret og sett på vaskemaskina m.m. før eg fann fram ein litt vanskeleg Sudoku som eg greidde å løyse til slutt. Etter at eg hadde ete det som eg kalla middag, fann eg fram ein enda vanskelegare Sudoku, men no sa eg stopp. Eg får heller strikke vidare på lesten som eg begynte på i går -og sjå litt TV. Det er no litt nyttigare, med tanke på at alle må få seg varme lestar til jul.
Det ser ut som det kan lette opp litt, og då kan eg gå ein tur -til dømes på Vernet.
Eg har veldig mykje som eg skulle gjort ute, både i hagen og andre stader, og no er eg redd for at også denne hausten skal regne bort, slik som i fjor - og året før. Eg likar å få i orden hagen før vinteren, så det ikkje blir så mykje å ta att når våren kjem. Men vêret kan eg ikkje gjere så mykje med anna enn å gramme meg. Lettar det opp no? Eller er det ei ny bye som kjem?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar