tirsdag, august 18, 2020

Dagbok 2020: 18.august


Klokka er no 20.00 og temperaturen er 22 varme grader. Det har vore ein nydeleg og varm dag. Eg var relativt tidleg oppe, og Margrete kom og henta meg som avtalt - klokka 10.
Det var nydeleg pynta i Voldakyrkja, med kransar og blomster i kvitt og pastell. Alle fire barnebarna til Ruth var der, tre av dei øvde på songane dei skulle synge litt seinare. Vi sat grese i kyrkja, men der var ein del folk tross coronaen. Systrene til Ruth med familiar og også mange frå Harald sin familie. Eg kjenner mange av slekta etter kvart, vi har vore i lag i diverse konfirmasjonar mellom anna.
Det vart ei fin og høgtideleg stund i kyrkja, og etterpå vart vi med fram på gravplassen.
Gravplassen på Rotset i Volda er veldig fin. Då Harald vart gravlagd var ikkje Nils og eg med på grava, for Nils var ikkje i form til det, men vi køyrde dit nokre dagar seinare og såg grava til Harald. No har Ruth fått ein plass ved sidan av.
Eg undra meg litt over at dei senka kista heilt ned med hjelp av fire tau. Slik gjer dei det ikkje her. Folk vart ståande på gravplassen og prate ei god stund sidan det ikkje var lagt opp til minnesamvær på grunn av Corona. Eg fekk tatt farvel med Amanda og Eirik som reiser tilbake til Trondheim i morgon. Ingeborg reiser ikkje til Oslo igjen før på torsdag, så ho kjem ein tur hit før ho reiser.


Margrete og eg måtte ha ein tur på kafé på heimvegen min, i dag vart det fugl Føniks i Ørsta. Eg har ikkje vore på Føniks etter at dei flytta inn i nye lokal, for det var to dagar før corona-stenginga. I dag valde vi ei litt spennande kake med pasjonsfrukt- og sjokoladefyll. Og kaffi til. Det smakte godt. Margrete køyrde meg heim.
Her heime var det varmt og godt, så eg hamna oppe på uteplassen med Marit ei stund og vi har alltid noko å snakke om.
Eg hadde ein plan, så eg tok bilen og køyrde ned på Kiwi, det er lettvint. Eg hadde tenkt å lage ei kake, men mangla nokre ingrediensar. Kaka vart laga då eg kom heim, og etterpå laga eg ei nydelig blomkålsuppe til meg sjølv. Eg kjøpte to blomkålhoder før helga, og dei kan ikkje ligge lenger utan å bli brukt. Eg steikte små strimlar med bacon og strødde på suppa, eg har sett det på oppskrifter, men har ikkje brukt det sjølv før i dag. Det smakte nydeleg. Så rydda eg kjøkkenet og sette på oppvaskmaskina. No må eg tømme den.
Dette bildet av klematisane mine har eg tatt frå altanen og ned.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...