mandag, august 17, 2020

Dagbok 2020: 17.august

Klokka 19.40 .


Klokka er no 20.00 og temperaturen ute er +21 grader C. I dag forsvann skodda utpå dagen, og det vart sol og fint vêr.
Eg var veldig lat først på dagen, hadde ikkje arbeidslyst, men vart sittande å lese ut boka eg begynte på i går. Etter kvart kom eg meg til å farge håret mitt, og etter at det var gjort gjekk eg ut. Eg ville klippe plenen rundt huset slik at det skal vere fint når leigebuaren kjem att på onsdag. Skråninga trong ikkje klipp enno. Stussa nokre busker også.
Marit kom ned utpå ettermiddagen og vi sat på tunet og drakk kaffi og prata. Når vi sat akkurat der var det for å ha kontakt med dei på andre sida av gata. Det er sol ute enno, men det varer vel ikkje så lenge. Eg gjekk inn klokka 19 for Dagsnytt må eg ha med meg.
Den gamle Doro-telefonen min vil ikkje laddast lenger, så eg vurderer å seie opp tvilling- avtalen med Telenor. Så får eg greie meg med ein mobil. Mange har vel erfart at eg ikkje er så god å få tak i på telefon. Sikraste møteplassen med meg er Messenger. PC-en min er utan lyd, og utan e-post blant anna. Eg er somme tider inne på laptopen og ser etter e-post, men ikkje kvar dag.
I morgon tidleg hentar Margrete meg kl. 10, vi skal i gravferda til Ruth kl.11.00 i Voldakyrkja. Vi har meldt oss på, for alle som er til stades må vere registrerte. Eg synest det er verre med koronaen no enn det var til å begynne med-for no veit vi meir.
I dag vart det resten av risgrauten og riskremen til middag, så eg trur eg må finne på noko godt og salt til kvelds.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...