mandag, august 10, 2020

Dagbok 2020 - 10.august

Klokka er no 20.00, temperaturen er + 22 grader C og det har vore ein nydeleg dag. Eg stod opp til vanleg tid, men fingrane mine var så stive og vonde at eg vart sittande nokså lenge og mjuke dei opp på tastaturet, mens eg høyrde bok. Eg gløymde alt anna ei stund, men så kom Marit og sa at ho skulle fram på gravplassen og lurte på om eg ville vere med. Det ville eg. Eg hadde så smått tenkt meg fram på laurdag men då vart det utsett. Eg tok med ei saks såpass eg fekk klippe rundt steinplata- og så fjerne dei avblomstra rosene. Det er ikkje så fint akkurat no, men det er ikkje så lenge før vi kan plante lyng.
Einar hadde sendt melding om at han ville komme innover og male etter middag. Det var no veldig kjekt, men sidan han skreiv etter middag, så laga eg ikkje middagsmat til oss i dag.
Hausten for 2 år sidan kjøpte eg ei solbærbuske hos Hildenes på Eid og planta den i hagen her. I fjor var der ikkje så mange bær på den, men i år såg det bra ut. No meinte eg at bæra var godt modne, så eg plukka reint i dag. Så reinsa eg bæra og kokte sylte. Det var ca1,5 kilo bær. Det er fleire år sidan eg har kokt sylte. Sylting og ev. safting var eit samarbeid mellom Nils og meg. Han vear veldig flink med slikt arbeid. I dag var det litt rart å gjere alt sjølv, men det var no heller ikkje noko storarbeid. Solbærsylte var ikkje noko som stod så høgt i kurs (for meg) før, men no er det noko av det beste eg veit, og solbærsylte er noko av den dyraste sylta når ein kjøper på butikk. Eg vart litt oppildna til å sylte meir, så no får eg kanskje ta stikkelsbæra, sjølv om det er eit fryktelig arbeid å reinske dei. 
Einar kom klokka 15 og mala heile altanrekkverket på innsida, det var veldig kjekt å få det gjort. Eg hjelpte til litt med å pusse bort gammal maling.
Etterpå åt vi vaflar og is og drakk kaffi.

 No på kvelden fekk eg ei trist melding frå Ingeborg. Ho kom heim frå Oslo i går fordi farmora var alvorleg sjuk, og i dag døde Ruth. Sjølv om det var forventa, så er det alltid trist når nokon går bort.Barna til Margrete har mist tre av dei fire besteforeldra sine på mindre enn 5 år. Gravferda blir neste veke og eg veit ikkje enno korleis det blir i denne coronatida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...