søndag, august 09, 2020

Dagbok 2020: 9.august



Bildet er tatt kl.20.00


Klokka er no 18.50, men temperaturen er 19 grader i skyggen - i sola er det godt og varmt.
Det har vore ein nydelig dag med tanke på vêret, og eg har vore ute i sola så mykje som muleg -og det er mykje. Sat inn ei stund på føremiddagen og las i boka mi, då var det ikkje så varmt enno. Etterpå var eg ute og stelte litt i hagen-men ikkje så mykje at det var arbeid.
Eg har hatt nokre maskiner med klede gåande, som eg har hengt opp ute etter kvart. Elles har eg gjort fint lite, har tatt det enkelt med maten osv. Eg har lege ute på altanen og sola meg og høyrt Storytel, for det meste. Det er ikkje så veldig mange dagar denne sommaren at eg har gjort det. No er det enno fint og varmt ute i sola, men så er det tid for Dagsnytt.
No har eg sett nyheitene og eg må seie at eg er skuffa over alle desse som bryt smittevernreglane. Har dei ikkje forstått nokon ting. Takka vere desse som må drikke etter klokka 12, kan heile landet bli stengt ned igjen, med alt som følgjer med. Dei må vel kanskje til med hardare skyts.
Her har vi ein nydeleg kveld med fin sol, og no må eg ut og ete litt stikkelsbær.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...