mandag, februar 24, 2020

Dagbok 2020: 24.februar

Klokka er 17.42, temperaturen er 0 grader C, det er lettskya og opphaldsvêr.
I dag vakna eg til kvite marker, noko eg ikkje var spesielt glad for, men viss snøen får ligge i ro og det ikkje kjem meir, er det OK. Sol har det også vore i dag, men berre innimellom.
Eg sov ekstremt godt sist natt og utover morgonen. Eg hadde ein mistanke om at eg hadde tatt sovetabletten min to gonger i går kveld, og det stemmer nok, for eg har vore nokså trøtt i dag.
På føremiddagen sette eg i gang å rydde litt i kleskapa mine, men eg var ikkje spesielt entusiastisk. Eg har for mykje av alt, men får ikkje så godt til å sortere ut, heller. Litt betre orden vart det likevel. Så var det snømòking. Å måke snø når ein ikkje kan løfte armane, det er ein liten kunst, men eg greidde det på ein måte. Eg brukte snøskufla som snøbrett og fekk rydda såpass at eg kan komme meg ut med bilen viss eg må. Brettet er øydelagt og eg har ikkje kjøpt meg nytt enno - og no er det vel i seinaste laget.
Til middag i dag var eg rimeleg kreativ. Eg tok resten av grønnsakene i ein pose og steikte, og så hadde eg ein rest av spagetti ståande. Eg trur retten vart veldig berekraftig, halve tallerkenen var grønsaker. Eg driv og skal ete tomt kjøleskapet, så det blir nok mange rare rettar framover. Når det er tomt der, har eg ein frysar på 400 liter som er ganske fullstappa. Ikkje alt er middagsmat, altså.
Etter middagen sette eg meg på ein hard kjøkkenstol og las i boka mi; måtte vere sikker på å ikkje sovne. Hadde ein kopp kaffi også. 
I morgon skal eg ikkje trene og ikkje torsdag heller, men no gleder eg meg veldig til å komme på spanskkurs igjen på onsdag. Viss det blir fint vêr i morgon må eg ha meg ein tur ut.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2021: 23.juni

Klokka er 15.05, temperaturen ute er + 17 grader, men eg synest det er litt kaldt. Det er litt tidleg å skrive blogg, men eg hadde pause no...