fredag, august 30, 2019

Dagbok 2019: 30.august





Klokka er 16.00, og temperaturen er + 16 grader C, så det passa bra. Det regnar stort sett heile tida og det har det gjort heile dagen.
I dag hadde eg planane klar, og då får eg gjort det eg skal. Først shina eg og vaska kjøkken og bad, etterpå støvsuga eg alle teppegolva, så no har eg gjort skikkeleg fredagsreint for ein gongs skuld.
I går fekk eg melding om at dei nye brillene mine var på plass, så eg ville hente dei i dag. Eg for nedover i 14-tida, og hadde heilt gløymt sist eg var til sentrum klokka 14 ein fredag. Då er det nemleg max trafikk. Men det gjekk heilt bra i dag også. Eg fekk henta brillene, hadde nesten gløymt at det var to par- vanlege-og solbriller med styrke. Betalte for eitt par og fekk det andre "gratis". No sit eg og skriv med dei nye brillene på, og eg ser godt. Dei gamle hadde slitne glas så eg såg ikkje heilt klårt. Så får eg berre håpe at det blir sol så eg får prøve solbrillene. Eg vart skuffa og vonbroten då eg såg i speilet, det var ikkje noko gale med brillene, men eg vart tydeleg eldre og styggare. Men det er vel ikkje så mykje å gjere med det- eg vurderer Botox, men då får eg vel Ingeborg på nakken. 
Då eg kom heim fann eg eit brev i postkassa, det var frå "Skatteoppkreveren i Ørsta"- eg var skuldig 200 kr. Eg har ikkje fått krav før, men var inn på skattelikninga og såg korleis det låg an, så eg visste eg skulle betale  den summen. Eg trudde faktisk eg hadde betalt, men eg ombestemte meg visst og ville vente til eg fekk krav. Det var no ingen stor sum. Eg handla litt på Spar før eg køyrde heim, men det var ikkje mykje eg trong i dag.
Eg ser at det har falle ned fleire plommer, men orkar ikkje å plukke dei opp no det er så vått. Noko heng att på trea enno. På butikken kosta tilsvarande plommer 49 kr kiloen.
No skal eg ta meg ein leksjon i spansk før eg flatar ut og tek helg. 
Eg ønsker alle ei fin og god helg. Helst skulle det vore same vêret som først i veka, men det kan vi visst berre gløyme.
Eg slit med fredags -sudokuen denne gongen, eg begynte i går kveld, og har ikkje fått den til enno.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...