lørdag, august 31, 2019

Dagbok 2019:31.august

 Svartsurbærbusken held på å få haustfarge.

Klokka er 17.45, temperaturen ute er +23 grader C, det har vore eit par våte dagar, men no lettar det opp, ser det ut til.
1.august var ein viktig dag i min barndom og ungdom. Det var den siste feriedagen før skulen tok til 1.september, og så var det pappa sin bursdag, i dag er det 120 år sidan han vart fødd i Horten. I barndommen budde han fleire stader på Austlandet, lengste tida på Skarnes, der far hans var stasjonsmeister. Faren døde då pappa var 11 år, og etter det budde han t.d. i Oslo. Då har var 17 år flytta han til Eid, sidan mor hans hadde gifta seg med ein eidar.
Mormora mi, som eg kalla besta, var på dagen 20 år eldre enn pappa, ho var fødd på Breim, men gifta seg med besten og flytta til Innvik. Ikkje berre var pappa og besta fødde på same dato, sidan det var 20 år mellom dei, vart det jubileum same åra. No kan eg ikkje hugse at det var så mange feiringar, men eg hugsa at vi feira 50-årsdagen til pappa oppå Tua i Stigedalen. Den tida budde både besteforeldra mine og tanta mi (Systera til pappa)med familie på Eid, så då var vi ein flokk. Eg brukar alltid å mimre litt denne dagen, og tenke på alle dei som er borte.


Dagen i dag har eg berre sosa bort; når eg ikkje planlegg noko på førehand blir det ofte slik.
Eg starta dagen med frokost og Sudoku, hadde jobba med sudokuen sidan torsdag kveld, og hadde eigentleg gitt opp. Men brått kom eg meg vidare og heilt i mål. Det er ein seier for meg kvar gong.
Eg gjekk ut og plukka plommer opp frå marka, eg plukka ikkje i går, så dei som låg der gjekk rett i komposten. Eg raka marka. Så plukka eg opp i eit fat, som eg fraus, og etterpå ein porsjon til Marit. Plommene er overmodne og ikkje så gode lenger. Men Victoriaplommene held på å bli modne. Eg skulle ha plukka opp nedfallsepla også, men det han eg no gjere i morgon, sjølv om det er sundag ?
Eg har snakka litt med Marit i dag også, og med Solveig i telefonen, og så har eg fått meldingar på mobil og på data.
Fekk melding frå Eli om at vi startar opp att med spanskkurs komande onsdag. Det blir ei "travel" veke; trening på tysdag og spansk på onsdag, og i tillegg skal eg skrive omtale av pensjonistmøtet veka etter. Den blir enda travlare, med trening, kino, spansk, pensjonistmøte, og skriving av referat. Men det er kjekt at det skjer noko. Marit og eg skal på kino. Downton Abbey + "Afternoon tea" før filmframsyninga. Då skal yrkesskuleelevane servere "engelsk" afternoon tea. Det blir sikkert artig.
I dag seig eg ned framfor TV-en på ettermiddagen og såg reprisen av Norske talenter. Hadde eg visst at prinsessa skulle konfirmerast i dag, hadde eg sjølvsagt hatt på TV-en og sett då. Eg veit som regel om kva som skal skje både her og der, men eg har ein uvane med å aldri hugse dag og dato. Men vi får no sjå litt av det i nyheitssendingane. Og no er det snart tid for nyheiter.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...