Klokka er 17.55,temperaturen er + 13 grader; det såg ei stund ut til at vi kunne få ein fin dag, men så begynte det å regne igjen. Resten av plommene som hang på trea i går, hadde vinden feia ned, og eg orka ikkje å gå ut å plukke dei opp. Ikkje epla heller har eg tatt vare på enno.
I dag har eg faktisk ikkje vore ute for ei dør, men halde meg inne. Stod ikkje opp før i 9-tida i dag så det vart ein kort føremiddag.
Søndag for ei veke sidan la eg opp lest nr. 2 i eit par som eg begynte på i vår , strikka litt i går kveld og i dag vart lesten ferdig. Festa trådar og stoppa eit anna lestepar. Eg likar å stoppe lestar, for då føler eg meg nyttig og gammaldags. Høyrde litt på radio, og så tok eg eit par spanskleksjonar, sidan eg skal begynne på kurs igjen komande onsdag. Laga meg litt middag i går kveld, og åt resten til middag i dag.
Så ringde Margrete, ho var på tur med "partiet" og ville ta seg ein tur hit etterpå før ho skulle hente Erlend. Ho hadde med seg ein bukett raude roser. Vi prata og drakk kaffi eit par timar, så det vart ingen langdryg dag for meg.
No håper eg berre at det blir opphaldsvêr og tørt i graset i morgon, slik at eg får klippe plenen og få vekk plommene. Eg har alt begynt å stusse plommetrea, men må vel ha litt hjelp med å klippe toppane. Trea er blitt så altfor store. Det er nesten stygt å håpe på at vinden skal ta eine plommetreet i år også?
No rekk eg å repetere litt spansk før det blir dagsnytt. Eg ser mykje på TV for tida. "Stjernekamp" er veldig kjekt i år, mange flinke. Men "Skal vi danse" har sett betre dagar. Har dei sloppe opp for kjendisar?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar