torsdag, mai 09, 2019

Dagbok 2029: 9.mai

Klokka er 17.30. Temperaturen er +9 grader og det regnar så smått. Eg er trøtt og frostig.
Eg har ikkje fått gjort mykje denne veka, det har gått litt opp i tull, men det er vel ikkje så farleg?
I går kveld klipte eg dei to plenlappane opp mot vegen, og då det leid på natt fekk eg krampe i legger og lår på begge føtene. Måtte ta litt ekstra magnesium for å få sove vidare. I dag hadde eg tenkt å klippe skråninga, men så begynte det å regne. 
Elles spekulerer eg på korleis eg skal få møblert stova med det nye TV-apparatet. At eg måtte ha nytt bord/ benk var klart. Eg prøvde på data å få lagt til sides eitt som var på tilbod på Jysk, men var ikkje sikker på at eg hadde gjort det rett, så eg tok turen bort, etter å ha tenkt ei stund. 
Somme tider på dagen er det voldsom trafikk mellom Ørsta og Volda, og både i går og i dag var eg heldig med å treffe opp i den. Men eg kom meg både fram og tilbake utan mein. Det var bra at eg for bort, for bestillinga mi var ikkje gått inn. Eg betalte, men let pakken ligge att, for eg ville ikkje prøve å få den inn i min bil. Hadde vel ikkje fått den ut att heller-eg er ingen ungdom lenger det har eg endeleg forstått. 
Eg har spurt Einar om han kunne hjelpe meg, men han hadde ikkje fri før den 20.mai, så eg lyt spørje einkvan annan. Trur ikkje eg er så flink å sette sammen flatpakka møblar heller; eg brukte no å hjelpe Nils med slikt, men ingen av oss var veldig flinke til den slags arbeid. 
Det er ikkje sikkert at alle har fått med seg at Jysk har flytta bort i Furene. Der har dei ein stor, flott butikk, mellom El-kjøp (før Lefdal) og Plantasjen.
På heimvegen stakk eg innom AMFI for eg måtte ha litt meir garn, eg driv og strikkar restelestar men må spe på med litt fersk innimellom. Eg er nøydd til å sitte i ro lange stunder og då blir det å strikke. På Amfi trefte eg folk eg kjenner, ei gratulerte meg med nytt TV-ho hadde sett det på FB. Elles møter eg mange som synest det er kjekt at eg har begynt å køyre igjen, dei synest det er tøft gjort i min alder. Men det er ikkje berre for moro skuld eg køyrer, det er for at eg skal kunne bu her eg bur-med vonde kne og det heile.
Uansett  så skulle eg ønske meg finare og varmare vêr slik at eg kunne styre på litt ute. Her sørger vi over plommetre, epletre og rododendron som har blitt øydelagde av vêret, men eg såg ein mann på TV som hadde tusenvis av epletre som var skada av snø og kulde. Det er verre for dei som skal leve av fruktdyrking enn for oss som berre er amatørar. Eg sette meg i godstolen og skulle strikke, men eg heldt på å sovne frå heile greia. Trur eg må lage ein kaffikopp ?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...