onsdag, mai 08, 2019

Dagbok 2019: 8.mai.

Klokka er 16.20, temperaturen er + 12 grader C, det er delvis skya og gløtt av sol. Sist natt vakna eg klokka 3 og verkte i heile kroppen. Det som hjelper er varme og bevegelse, så det vart å sette på varmeteppet, og sprelle med beina. Då eg stod opp nokre timar seinare var eg ikkje verre i beina enn vanleg, og det er nok.
Eg har grubla eit par dagar på korleis eg skal ordne meg for å få ny TV, og i dag hadde eg planen klar. Køyrde bort til El-kjøp, tok meg ut ein 49 "Samsung (110 cm brei) og avtalte at dei som frakta den skulle sette den opp og koble til, ferdig til bruk. Det kosta litt- men så slapp eg å bry andre, for eg sjølv kunne ikkje greie det.
Eg hadde ærend på Amfi og på Sissels blomster før eg for heim, og så tok eg ein sving oppom gravplassen for å sjå om fuglane var komne, det var dei ikkje. 
Sette meg til med data ei stund og så ringde det på døra. Det var to unge karar som kom med TV-en min. Og det tok ikkje så lang tid før den var ferdig til bruk. Fekk ein liten støkk då ein av dei sa:  "Her ligg ei laus ledning."  Eg hadde no verkeleg sjekka at alt var i orden då eg prøvde å få gamle-TV-en i gang! Men det var dårleg lyd i den uansett.
Dei tok ikkje med seg gamle-TV-en, tenkte eg måtte spørje om det er noko den kan brukast til. Den er no eigentleg like fin...…..Ja,ja, den blir vel kassert, men eg må venje meg til tanken.
Som eg hadde tenkt, blei TV-benken som vi har for liten, og no har eg søkt på nettet og funne ein heilt grei ein, på Jysk. Billeg var den også 850 kr - flatpakka ! Og der er eg heller ikkje sjølvhjelpt- har ikkje tolmodet som skal til heller. Så no blir utfordringa: Den som monterer  den nye benken, får den gamle! Margrete? Er ikkje du ekspert på slikt? Det var no eg skulle hatt Eirik på Møbelringen.
Elles må eg nok ommøblere i stova, men det var eg budd på. Eg har ikkje kjøpt benken enno altså.
Eg kunne fått eit oppheng til å ha skjermen på veggen, men eg syntest ikkje det var så fint.
Trudde det snart skulle bli såpass tørt at eg fekk klippe plen, men eg må kanskje vente litt til? 
Eg surrar vekk tida mi utan å få gjort så mykje-men så er eg også halvt sjukmeldt.
P.S. Noko av det første eg såg på den nye TV-en var den nye prinsen i England!
Elles så har eg no flagga med det norske flagget i dag. Det såg eg for første gong 8.mai 1945 -då var eg 5 år.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...