tirsdag, mai 07, 2019

Dagbok 2019: 7.mai



Kjøpte denne orkideen på Kiwi i dag.


Klokka er 21.22 , temperaturen ute er + 4 grader C, det er delvis skya og opplett. Trudde knapt mine eigne auge då eg såg ut glaset i dag tidleg. Kvitt! No igjen! Synest det er nok no.
Hadde ingen spesifikke planar for dagen, men grunda litt på korleis eg skulle få kjøpt meg TV. Fekk råd frå Rasmus om kva merke eg skulle ha, men det vart ikkje til at eg kom meg på butikk i dag. Eg køyrde Marit ned til kyrkja i 10.30 tida, då hadde eg ete, lese avisa og løyst sudoku og begynt på spanskleksa. No har eg gått gjennom 6 Minikurs og i dag vart det repetisjon, dei tre første er gjennomgått. No er eg min eigen lærar og elev på samme tid. Eg ser på dette som hjernetrim, for eg reknar ikkje med å få så mykje nytte av dei spanske glosene mine. Likevel er det kjekt å sjå at ein ikkje er for gammal å lære-LITT.
Eg handla litt på Kiwi på heimvegen frå kyrkja. Blant anna kjøpte eg ein Taco- salat som eg skulle ha til middag. Eg trudde ikkje eg hadde smakt sorten før, men då eg smakte den kjende eg den att. Den var ikkje god denne gongen heller.
Var ein liten snartur ned i hagen og sådde grasfrø på dei berre flekkane og der plommetreet hadde stått. 
Marit spurde om eg ville vere med på strikkekafé i revmatikarlaget, og det hadde eg no lyst til. Det begynte klokka 18. Vi sat i lag med Arnhild Vartdal, som vi begge kjenner, og to som ingen av oss kjende frå før. Men det var trivelege damer, dei var frå Vartdal men gifte i Ørsta. Vi hadde det veldig kjekt og prata om alt mogleg - og var gamle kjende etter eit par timar. Ja, vi strikka litt også - altså. Og så fekk vi kveldsmat. Det var brødskiver+ smør og pålegg, vi smurde på sjølve. Sidan det var arbeidsmøte var maten gratis. Så var det loddsal med små enkle gevinstar-så slapp eg kjenne meg som snyltegjest. Eg sluttar aldri å undre meg over at det er så mange i Ørsta eg ikkje kjenner, etter å ha budd her i over 50 år. Vi kom oss heile heim i dag også - både vi og Yaris.
I morgon må eg prøve å komme meg på El-kjøp og få meg tak i TV; eg får sjå om eg finn nokon som kan hjelpe meg litt - reknar med at det ikkje er berre å stikke inn kontakten. Viss det ikkje er noko spesielt eg vil sjå i kveld, så kan eg like godt høyre radio. Men eg ser TV på datamaskina om det røyner på.

1 kommentar:

bodilingeborg sa...


GRATULERER MED NY TV!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...