søndag, mai 05, 2019

Dagbok 2019: 5.mai

Klokka er 16.30, temperaturen er + 3 grader C og akkurat no er det ei snøbyge på gang, men snøen smeltar etter kvart, så i dag har vi ikkje hatt kvite marker.
Eg har vore heime åleine i heile dag. Hadde ingen spesifikke planar, så eg har berre styrt med det eg har funne på etter kvart. Eg vart ikkje ferdig med "dagens lest" i går, så den ferdigstilte eg før middag i dag. Så var det å starte på dagens igjen og no har eg felt hælen på den. Det blir uansett mykje stillesitting med vonde bein.

Når eg strikkar har eg ofte på radioen og i dag høyrde eg gudsteneste frå Trøndelag. Presten  snakka mellom anna om brødbakst. Når deigen vart elta i 15 minutt i kjøkkenmaskina, sa han, så skjedde det noko med konsistensen. Dette hadde han lært av ein bakar .( Preiketeksten var fortellinga og då Jesus metta 5000 i øydemarka med fem brød og to fiskar.) Eg vart inspirert til brødbakst. Når eg har melk som er ute på dato, brukar eg å bake brød mens melka enno er god. Eg kjøper av og til ein pakke søt melk, men greier med min beste vilje ikkje å drikke ein dråpe. Sur melk kan eg drikke av og til- men også den kan hamne i brød. Elles så hadde eg restar av den mislykka mandelbunnen, den kjørte eg  til pulver i blenderen+ nokre sirupsnippar frå jul. Brøda heva voldsom, og no skal eg snart smake på dei. Eg et sikkert for mykje brød, men eg er ikkje så glad i poteter-så det blir oftast brød til alle måltid.

Elles så har eg gått her og pusla, men spansken har eg jobba med i dag også. No er eg komen til minikurs 6, men eg brukar mange dagar på kvart kurs, og så blir det repetisjon. Det skal noko til før det festar seg på ein snart 80 år gammal harddisk.
No skal eg strikke endå litt, må få unna litt strikking før det vert utevêr igjen. Då skal eg gjødsle. Eg trur det er berre rabarbraen som er alvorleg skada av vêret, og den veks lett opp att.
Akkurat no.






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...