lørdag, mai 04, 2019

Dagbok 2019: 4.mai

Klokka er 18.50, temperaturen + 6 grader C, og akkurat no skin sola på same tid som det regn-sluddar. også i dag morgon låg markene kvite, men det var ikkje så mykje snø som i går. Litt artig å sjå dei blodraude Rododendron -buskene med kvit snø rundt seg. Eg har opplevd mykje rart vêr -men aldri slik som dette, dag etter dag.
Eg hadde ikkje vore lenger enn til postkassa sidan onsdag og hadde ikkje vore ute og køyrt sidan måndag, så i dag måtte eg ta meg saman. Eg bestemte meg å fare ein tur til Vik når vegane vart heilt berre, og verste laurdagstrafikken var over. La opp ein ny lest, løyste sudoku, las avisa , sette på klesvask m.m. Men endå var det tidleg på dag. Eg stod tidleg opp!
Men så bestemte eg meg for å fare nedover. Glatt var det ikkje, men trafikken hadde på ingen måte stilna av. Klokka var ikkje meir enn ca13.30 Eg fekk verkeleg bryne meg i dag-leita etter parkeringsplass både her og der utan å finne. Så køyrde eg ut til Jernia for å kjøpe meg ein elektrisk kantklippar, noko dei sjølvsagt ikkje hadde på lager. Så prøvde eg meg på Amfi igjen-der var det nesten kork mellom dei tre vegane, men det løyste seg etter kvart og eg fekk parkert. Etterpå stakk eg opp på Spar og handla mat. Rundkøyringa er ikkje noko problem, men eg er glad for at eg tok det 65 +-kurset, så føler eg meg litt tryggare på at eg gjer rett. Etter ein litt krevjande biltur kom både eg og bilen heile heim.
Til middag hadde eg kjøpt livretten min: Salat + fetaost i olivenolje, og så hadde eg kjøpt eit godt brød. Har i fleire dagar ete poteter og spekeskinke.
Så sette eg meg til med "spanskleksa" for andre gong i dag. Då kom Marit over gata ein tur, så vi fekk oss ein prat. Vi har ikkje snakkast noko særleg sidan måndag
Akkurat no er vel Margrete og Amanda på plass for å høyre Erlend spele. Han har laga både tekst g melodi sjølv. Håper det går bra.No skal eg benke meg framfor TV-en med strikketøyet. Ein lest pr. dag er målet!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 13.mai

Det var eigentleg ikkje dette bilde eg skulle ha i dag, det liknar veldig på det eg hadde i går,men litt har det skjedd. Eg har til dømes kl...