fredag, mai 03, 2019

Dagbok 2019: 3.mai

Desse bilda tok eg klokka 8.00 i dag - morgon. Lenger nede er bilda eg tok no klokka 16.30.

Klokka er no 16.45, temperaturen er + 7 grader og det er ikkje så vinterleg ute lenger, men det blir vel på han igjen i kveld. Det seiest at dette vêret skal vare til midten av neste veke. Eg er mest spent på om dei to eldste plommetrea toler slik behandling.
Eg var tidleg oppe i dag, så eg vart tidleg ferdig med det programmet eg hadde sett opp for meg sjølv, derfor måtte eg utvide det litt, så no sit eg med farge i håret og ventar på å få gå i dusjen. Planen var å fikse meg opp litt til den 1.mai, men då var eg ikkje heilt i form, så eg rakk det ikkje. Beina er ikkje bra i dag heller, men så skal eg ikkje ut på noko.
Før middag vaska eg bad og kjøkken og gjorde diverse anna husarbeid. Etter lunsj vart eg så trøtt at eg heldt på å sovne med strikketøyet i handa, så då blei det å hive innpå kaffi. 
Elles har det ikkje hendt noko i dag som er verdt å skrive om. Denne helga skal Margrete og Amanda til Kristiansund, sidan Erlend skal delta i UKM der. Han reiser i lag med kompisane. Vi får berre håpe at han ikkje går vidare til "landskampen" for då kolliderer det med Islands-turen. Det er visst denne helga Olaug jr. skal til Barcelona også. Eg trur ikkje eg skal nokon stad, men sjølv om det er sommarhjul på bilen min, kan eg ta ein tur til Vik for det er ikkje glatt på vegane-trur eg. 
Eg er litt lei for dette vêret, for eg hadde lyst å styre på ute, men når mildvêret  kjem att kan ein kanskje begynne å plante ute. Eg har ein sekk gjødsel som eg skal ha utover også. Eg har mykje å gjere inne, men likar meg best ute.
No er det fredag igjen og eg får ønske alle ei god helg !










Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...