torsdag, mai 30, 2019

Dagbok 2019: 30.mai

(Bildet fann eg på nettet)

Klokka er 20.00, temperaturen er + 6 grader, det er framleis vått og grått, med snø i fjella. Men ein gong går den vel over - denne kuldebolken også.
Eg har hatt ein kjempefin dag- eg har vore på Eid i konfirmasjon til yngste barnebarnet til bror min. Henning heiter han. Solveig, Øystein Margrete, Eirik, Amanda og Erlend var med også. Det er lenge sidan eg har treft familien på Eid, i alle fall mange av dei, og det vart ein veldig kjekk dag.
Konfirmasjonsgudstenesta kan eg nesten ikkje beskrive-det gjekk heilt vilt for seg-på ein god måte. Konfirmasjonspresten var ein pensjonert 74 år gammal mann med bergensdialekt. Han hadde gammaldags prestekjole med pipekrage, men det var ikkje noko gammaldags gudsteneste , nei. Han gjekk opp på preikestolen og såg ned på konfirmantane og sa noko om at dei var så fine der dei sat, dei likna på...."Englar" sa ein av konfirmantane. "Jag trodde englarna fanst bara, bara i himmelen", song presten med kraftig røyst frå preikestolen, og så kom heile verset vekselvis frå presten og konfirmantane. Etterpå song heile kyrkjelyden same songen og så klappa vi i hendene! "No vart det festivalstemning her!" sa presten.
No høyrest dette litt vilt ut, og det vart ikkje mykje tammare etterpå. Presten heldt ei ganske lang tale, men kjedelig vart det ikkje. Då han gjekk ned frå preikestolen vart det kraftig applaus. Men opp i det heile fekk presten sagt veldig mykje bra og fornuftig på ein litt uortodoks måte. Det var faktisk ein god tale. Han var reine skodespelaren !Trur ikkje eg gløymer denne gudstenesta så fort.
Etterpå var vi på bedehuset der vi fekk mykje god mat. Det vart song og talar. Faren heldt tale og fortalde litt om Henning. Konfirmanten er den yngste av fire brødre, og den eldste heldt tale til broren. Besteforeldra på farsida, 90 og 91 år gamle, heldt også talar.
Det som var det aller kjekkaste for meg var å treffe heile familien  til bror min. I seinare år har det ikkje vore så mykje samkvem, sidan eg har vore mykje stadbunden. Eg kjenner jo også fleire farsfamilien til konfirmanten sidan dei også er frå Eid.
Vi fekk ikkje sett oss så mykje om på Eid denne gongen, men det blir vel snart ein tur igjen. Eg føler på at eg må gjenoppdage barndomsbygda, for det er så mykje som er forandra sidan eg budde der.
Solveig og Øystein henta og bringa meg, så det står ikkje på.
Konfirmanten Henning

Bror min og mine barnebarn, dvs. nokre av dei. Til saman har vi 22. Mine tre
(Tre av Margrete sine fire) på bildet under.


3 kommentarer:

bodilingeborg sa...

Gratulerer med ny rosa blogg. Triveleg med prest Olaf Sigurd Gundersen i Eid Kyrkje. Koseleg konfirmasjonsselskap for Henning i Betania. Kjekt at vi kunne treffast på Eid igjen.

Elin sa...

Takk for hyggeleg samvær i dag!

Besta sa...

Det er eg som skal takke. Eg forstår no kor inderleg eg har sakna det å vere på Eid og vere i lag med familen.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...