onsdag, mai 29, 2019

Dagbok 2019: 29.mai


Klokka er 17.45, temperaturen er + 8 grader, det snør stadig ned i fjella, men her i lavlandet regnar det. Det var rimeleg bra vêr i går ettermiddag og kveld, men i dag har det berre vore kaldt og vått. Og dessverre ser det ikkje ut til at det skal bli betre med det første.
I dag fyller Amanda 19 år; ho blir ferdig med vidaregåande i år, og så har ho tenkt å jobbe eitt år før ho går meir på skule/studerer. Amanda er ei kjekk og grei jente, fornuftig også, har eg inntrykk av. Ho vart fødd i det Herrens år 2000. Eg hadde strikka henteklede i ull til henne. Margrete var litt skeptisk, og minte meg på at det var mai! Men vesle Amanda fekk bruk for ullkleda sine, for heile sommaren var det regn og kulde. Det var det året dei flytta til Bjørneset. Den tida Amanda gjekk på ballettskulen brukte det å vere framsyning på bursdagen hennar, og etterpå brukte vi å feire henne på Rosabella eller ein annan kafé. 
I år er det ikkje lagt opptil feiring, men vi treffast i morgon, store deler av slekta, for då er det konfirmasjon på Eid. Det er Henning, den yngste av Hilde sine fire gutar som skal konfirmerast. Han er den yngste av alle barnebarna til Bodil og Svein. Eg ser fram til å treffe slekta mi, mange av dei har eg ikkje sett på fleire år.
I dag har eg ikkje vore på rek, men eg har jobba inne. Eg har vaska golv, stroke klede, og gjort mykje slikt som har stått litt på vent. Innimellom har eg strikka på jakka mi og høyrt lydbok.
Solveig ringde; ho og Øystein kjem oppom og hentar meg, så eg sit på med dei til Eid. Vi må tidleg opp for vi skal vere i kyrkja klokka 11. Eg håper at det blir mindre vått og kaldt enn det er i dag, men det er liten sjanse for det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...