fredag, mai 17, 2019

Dagbok 2019: 17.mai

Klokka er 19.30, temperaturen er + 21 grader C og det har vore ein strålande 17.mai, med sol og varme frå morgon til kveld. Eg var oppe før klokka 8 i dag tidleg og hengde ut flagget. Det var ikkje såpass mykje bris at det falda seg ut.
Eg hadde sagt ifrå til slekta at eg skulle vere her heime åleine i dag - det å trakke rundt er liksom ikkje det beste når ein har vonde kne. Men Margrete skulle til Volda og sjå folketoget, så ho ville hente og bringe meg. 
På føremiddagen gjekk eg her og surra som vanleg, sette på ein klesvask og ein oppvask, strikka litt etc.
Margrete og Erlend kom og henta meg i 15-tida og så var det Volda neste. Det varte og rakk før toget kom i bevegelse, så vi stod /og sat og venta ved gata.
Det var eit ganske morsomt tog. Det artigaste var dei som gjekk under fana "Drillkorps"-det var ingen søte småjenter, men ein hær med godt vaksne menn, med kvar sin motoriserte drill, der dei hadde festa nokre kvite greier på.
Russen kom i mange store raude bilar. Amanda var ikkje medeigar i nokon av dei, så ho sat på i ein annan bil.
Etter toget var det samling i parken. Eg ville gå litt seinare enn dei andre og ta meg god tid, så dei for føre. Med det resultat at vi ikkje fann kvarandre att før det var slutt på talar, song og russedans. Då fann eg Amanda og i fellesskap greidde vi å finne dei andre to. Pluss at vi fann  nabofamilien, inkludert ei dotter med ektemann og to søner. Elles så er det veldig artig å sjå på folk slike dagar-ikkje minst er det interessant å sjå kva folk har på seg av klede. Eg vil seie det slik at i dag var alt tillatt- frå hijab til shorts. Bunadsgjengen var sjølvsagt på plass også. Eg synest det er heilt topp at alle kan komme som dei vil. Då slepp ein å føle på at ein ikkje har heilt rett kleskode.
Amanda skulle opp på hybelen sin, men ville vere med heim til Margrete i kveld. Erlend og Margrete blei med hit og fekk is, brus og kaffi-som det seg hør og bør på ein 17.mai.
Eg synest eg har hatt ein veldig fin dag! Skal innrømme at eg har sett litt på TV-en min innimellom.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...