tirsdag, mai 14, 2019

Dagbok 2019: 14.mai


Klokka er 17.10, temperaturen er + 14 grader og det er overskya og stilt.
I går kveld var eg låk i knea, i ryggen og i eine hofta då eg la meg. Til mi forundring sov eg godt heile natta og var rimeleg bra då morgonen kom.
Etter frokost, avis og sudoku, begynte eg å tenke på plenslåtten som eg måtte gi opp i går. Etterkvar høyrde eg at naboen klipte, så då fekk eg blod på tann. Eg gjekk laus på skråninga og fekk etter kvart klipt heile. Men eg måtte stille klipparen opp eit hakk og sette på "draget". Når det ligg mykje gras att på marka er det ikkje fordi det vart for fullt i boksen, eg tømte nokså ofte, men fordi det enno er vått i marka og graset.
Etter klippinga vart eg svolten, og laga middag til meg sjølv-det skjer ikkje ofte. I dag var det litt meir innvikla mat enn det eg plar ha: Pasta Carbonara, med saus frå Knorr ! Kokte spagettien og steikte bacon sjølv - og det smakte himmels. Restane la eg på ein tallerk -dei skal eg ha til kvelds !
Etter middagen festa eg trådar på eit lestepar og la opp eit nytt brot. Det vart ei halvhjarta strikking med TV-en på, så eg kom ikkje langt.
Det vart til at eg reiste meg opp og gjekk ut og klipte resten av plenen, dvs. området rundt huset. Så blir det i år som dei fleste år, to klipp før 17.mai.
Eg har litt vanskeleg for å hald styr på tida, på dagar, veker etc. Så eg trudde det var i dag Marit skulle klippe seg, men det er i morgon. Bilen har fått kvilt seg i mange dagar no, men alle seier eg må køyre kvar dag. Eg får meg berre ikkje til å fare å køyre utan mål og meining. 
Det som står på kjøpelista mi no er ein elektrisk kantklippar med sen. Den eg hadde kollapsa i fjor, og den batteridrivne, som eg kjøpte for eit par år sidan, var berre ein vits. "Knivar" av plast som fauk  vegge - mellom,  og eit batteri som måtte laddast etter 15 minutt. Men det var greitt å sleppe leidningane. Eg spurde på Jernia etter klippar, dei hadde ikkje- no lurer eg på om dei har på Felleskjøpet. 
Eg har mykje arbeid med plenar og gras, så det blir ikkje gjort så mykje anna hagearbeid. Ser på det som vart øydelagt etter snøen og kulden som kom så bardus. Syrinen ser ikkje heilt bra ut, trur somme av greinene kjem til å visne. Epleblomstrane fekk kuldesjokk før dei spratt ut, bærbuskane ser fine ut. Etter 17. mai skal eg no plante litt av kvart-trur eg.
No skal eg ta spanskleksa mi før eg tek kvelden med strikketøy og TV.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...