mandag, april 08, 2019

Dagbok 2019: 8.april






Klokka er no 18.55, sola skin, men det er litt kald vind, temperaturen er + 6  grader C.
Eg likar best kvardagar, då er det meir å finne på. "Å finne på" er vel ikkje rette uttrykket, eg har tusen ting som skulle ha vore gjort, så eg slepp å finne på noko som helst.
Eg har drive og høyrt Tore Renberg si bok "Skada gods" på MP3-en. Og i dag føremiddag sette eg meg til å høyre siste delen. Plar sjeldan sitte å lese på blanke føremiddagen, men som unnskyldning strikka eg mens eg las. Det tok litt lenger tid enn eg hadde tenkt, så då måtte eg vere ekstra aktiv etterpå. Sist haust blés der overende eit plommetre. Eg klipte opp dei minstegreinene og saga dei litt tjukkare med handsag.  Stammen var liggande att over vinteren, på grunn av regn, snø etc. I dag gjekk eg laus på stammen med motorsag. Bror min har filt, rensa og smurt saga, så den virka bra. Likevel vart det litt av ein jobb å kutte opp stammen som var nokså fuktig i veden. Eg har berre sett på når Nils har saga med den andre motorsaga, den som går på bensin, så eg trudde det var enkelt. Men eg fekk no kutta stammen i bra korte kubbar, så eg trur eg får dei opp på kløyvaren. Å kløyve har vore min jobb i mange år, så det kan eg! No får veden tørke litt før eg går til det neste steget.
Etter at eg hadde ete middag. la eg meg ut på altanen og sola meg, trur eg sovna litt også. Så la eg i hop ein klesvask som eg hengde ut i går. Ikkje ofte eg har tørka klede ute siste halvåret.
Eg hadde hengt ut golvteppa på roserommet, så eg tok og vaska golvet der. Då kom Helge og sette opp den nye lampen i taket på datarommet. Den har lagt lenge på vent. No har eg snart så mykje el-boss at eg må ha meg ein tur på VØR. Det er gratis å levere slik og også metall, som eg har litt av.
I dag er det svigerinna mi, Mimi, som har fødselsdag. Ho er nokre år yngre enn eg og eg har kjent henne lenge. Då eg kom til Solund i 1958 stod ho på butikken på Nåra innimellom. Ho er gift med Rolf, broren til Nils. 
Gratulerer med dagen, Mimi ! Skulle gjerne ha vore der i dag.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...