søndag, april 07, 2019

Dagbok 2019: 7.april

Klokka er no 16.50, temperaturen er + 8 grader, sola skin og det er fint ute, men ikkje så varmt som før i veka. I dag har eg vore heime åleine, og dagen har vore lang. Det gjer ingen ting, for dei fleste dagar går så altfor fort. 
Eg strikka ferdig eit par lestar av garnet eg hadde kjøpt sjølv, Det var Regia 6-tråda, eg synest det garnet er tynnare no enn før, kva det no kan komme av. Eg strikka på pinnar nr.3, men eg angra på at eg ikkje brukte 2,5. Det gjorde eg når eg la opp eit nytt "spøt"- lestar av Opal. Det er no godt med tynne lestar også, og eg har tid og tolmod til å strikke. Hadde radioen på før middag, så eg hadde underhaldning. Skulle prøve å gjere fornuftige og nødvendige ting, så eg sette på vaskemaskina -og så las eg spansk innimellom. 
Etter middag hadde eg lyst på ein tur ut, og gjekk opp på toppen av Storebakken- det er stoppunktet for fonnvernet. Eg trur at fonnvernet er blitt høgare no enn då eg gjekk der sist haust. Eg trefte eitt menneske eg kjende og prata litt med henne. Så cruisa eg att og fram på vegen nedover, såpass eg slapp å gå bratt og så fekk eg sett meg litt omkring. Eg gjekk ut gata ovafor oss og kjende ikkje att utsikta. Det var så ope, før var der skog. Har gått same gata innover mange gonger men då såg eg ikkje skilnaden. I starevegen prata eg med ein nabo som var ute og raka.
Marit og fleire frå Pensjonistlaget skal på konsert i dag, men eg hadde ikkje lyst. Det er Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes, sikkert bra konsert, men eg synest eg har høyrt dei så mykje på TV.

I enden av fonnvernet/ på toppen av Storebakken.


Storbakken nedover.


Gata ovafor oss -luftig utsikt no.


Inn Starevegen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...